Hopp til innhold
Anmeldelse

Uhyre sterkt portrett av eit uvanleg barn

Den 85 år gamle romanen «Allis sønn» har ikkje mista krafta til å sjokkere og opprøre lesaren.

Magnhild Haalke og bokomslag "Allis sønn"

STERKE SAKER: Magnhild Haalke teikna eit barneportrett med sterke fargar og mange nyansar på 1930-talet. Både fargane og nyansane har tolt tidas tann. No er romanen ute på ny, med forord av Monica Isakstuen og ordliste for moderne lesarar til slutt i boka.

Foto: Leif Ørnelund / Aschehoug forlag
Bok

Allis sønn

Magnhild Haalke

Skjønnlitteratur

1935/2020

Aschehoug

Portrettet av vesle Elling er ei djupt urovekkjande historie om kor gale det kan gå med eit barn som ikkje får lov til å bruke evnene sine.

Når forfattaren Magnhild Haalke (1885–1984) no blir henta fram frå den store gløymsla, må ein undre seg over korleis ho hamna der. Eller – for ikkje å ta munnen for full – korleis romanen «Allis sønn» hamna der. Det er all grunn til å applaudere nyutgjevinga.

Kva er det med sonen til Alli?

Dette er historia om Elling. Allereie når vi møter han for første gong som 5-åring, ser vi at han er annleis: Han sansar sterkt, han blir fjetra av fargar, fjerne lydar set fantasien i sving, han rimar og diktar og stiller spørsmål som skremmer mora.

Elling er rar, det meiner alle. Det er ingen positiv karakteristikk å få i det vesle samfunnet på Bekkerøya, der Alli har hamna fordi ho gifte seg med sjømannen Estil. Dessverre for henne er han ute på havet seks år i strekk utan å kome heimom. Alli sit aleine att i huset til svigerforeldra, som stig opp frå helvete og inn i stova hennar kvar einaste dag og slengjer med kjeften.

Den fortvilte Alli bruker alle metodar ho kan kome på for å få Elling til å bli normal. Dermed hindrar ho han i å utvikle dei skapande evnene sine. Det blir fatalt.

1930-talet gjekk i barndommen

Då den 50 år gamle lærarinna Magnhild Haalke frå Trøndelag debuterte med ei barndomsskildring i 1935, skjedde det ikkje i eit tomrom.

«Det er jo som om alle våre forfattere går i barndommen», skreiv signaturen VS i Morgenavisen i 1934. altså året før «Allis sønn» kom ut. De året skreiv Tarjei Vesaas «Det store spelet», om vesle Per på Bufast.

Det var noko i spissformuleringa: Sigrid Undsets «Elleve år» kom same året, og i 1933 hadde Sigurd Hoel gjeve ut barndomsskildringa «Veien til verdens ende». Fleire andre kom med rapportar frå barndomslandet, i sakprosa og skjønnlitteratur.

Toppsjiktet av norske forfattarar dreiv nærstudiar av barnesinnet på 1930-talet.

«Det tek til å gå opp for folk, meir og meir, kor viktige barneåra er for alle, dei har høyrt det av psykoanalysen, det ligg i lufta» skreiv litteraturkritikaren Rolv Thesen midt på 1930-talet.

Og den psykoanalytiske premissen om at oppvekst og ungdomstid pregar sinnet for resten av livet, kling heilt klart med gjennom dette tiåret, sjølv om ikkje alle var like opplesne på teorien som Sigurd Hoel.

Magnhild Haalke las ikkje om psykoanalysen før etter debuten og forklarte seinare at «det er likesom noe man har hatt inne i sig».

Klaustrofobisk drama

Haalke hadde det heilt klart inne i seg, men kanskje ho hadde det frå mange år som lærar, eller frå erfaringar med å få respekt for eigne kunstnardraumar. Uansett kjelder er «Allis sønn» så vidt eg veit den mest drastiske barndomsskildringa frå 1930-talet.

Romanen er ein dødsdans, der det eine steget tek det andre mot undergangen. Haalke stenger alle dører mot alternative forløp, og nett dette går an å problematisere: Allis eigen familie var berre ei rotur unna, kva med å snakke med dei? Og læraren som forstod kva som budde i guten, kunne vippa dramaet i ei anna retning.

I staden vel debutanten å køyre ei kompromisslaus linje. Ho skalkar alle luker og gjer «Allis sønn» til eit klaustrofobisk drama med melodramatiske undertonar. Alli greier ikkje å løfte blikket.

Sluker romanen med søkkje og snøre

Trass i at Haalke ikkje sannsynleggjer godt nok at ingen grip inn, så sluker eg denne romanen med søkkje og snøre og det av fleire grunnar.

Først og sist fordi portrettet av Elling er så sanseleg, levande og fullt av talande detaljar. Den stadig meir fortvilte og destruktive kampen for å få drive med sitt, er uhyre sterkt teikna, ikkje minst sett opp mot Allis håplause kamp for å få han til å bli som dei andre. Sidekommentarane frå svigerforeldra er både drepande og prega av språkleg overskot. Dei forklarer eit stykke på veg kvifor Alli aldri kjem seg frå øya. Alli er også eit offer.

Lesaren får følgje tankane til både Alli og Elling, dels også til den altfor fjerne Estil som ønskjer ro og harmoni mellom mor og kone når han er heime. Språket er tett på og stilsikkert tilpassa dei ulike personane.

Historia om dramaet på Bekkerøya er aktuell så lenge det finst barn som ikkje blir sett og tatt vare på.

«Allis sønn» var ein suksess frå første stund. Boka blei omsett til 17 språk, og fekk positive meldingar mellom anna i New York Times. Truleg også i NRK, der Eugenia Kielland snakka om romanen i programposten «Ukens bok» 28. oktober 1935, eit opptak som dessverre er gått tapt. Det er høgst gåtefullt korleis ei så sterk og viktig bok har greidd å bli ein parentes i litteraturhistoria.

Men i fjor kom biografien «Der livet brenn» om Magnhild Haalke, skriven av Magnhild Folkvord. Og i år kjem altså «Allis sønn».

Dersom det finst fleire bøker i denne forfattarskapen som nærmar seg kvaliteten på debutromanen, er det berre å køyre på med fleire nyutgjevingar.

Anbefalt lesing: