Hopp til innhold

– Breivik øydela forferdeleg mykje

VOLDA (NRK.no) Fredric Holen Bjørdal og Torhild Tønnesen Haugnes gøymde seg i grotter i vasskanten på Utøya. No grur dei seg til rettssaka startar, men seier det skal bli godt å sjå gjerningsmannen dømd.

Haugnes Bjørdal

Torhild Tønnesen Haugnes og Fredric Holen Bjørdal studerer i Volda. Dei grur seg til rettssaka startar, men ser fram til at gjerningsmannen skal bli dømd.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

I dag startar rettssaka mot Anders Behring Breivik etter terroraksjonen i Regjeringskvartalet og på Utøya. Dei fleste store norske mediehusa kjem til å følgje rettssaka frå minutt til minutt. Også store deler av verdspressa er opptekne av den norske terrorsaka.

– Må stengje ute

For mange av dei som var på Utøya den 22. juli 2011 blir dei ti vekene med rettssak ei vanskeleg, men viktig tid. Kjærastane Fredric Holen Bjørdal og Torhild Tønnesen Haugnes i Volda, seier dei skal følgje med på saka, men at dei vil vakte seg for å la rettssaka ta overhand i livet deira.

Les parets historie fra Utøya her

– Av og til må ein berre bestemme seg for at ein ikkje treng å få med seg alt som blir skrive og sagt. Det blir også viktig å lukke ute noko av dette, og å konsentrere seg om skulen, seier Torhild T. Haugnes.

– Vil sjå mannen dømd

Torhild T. Haugnes var fylkesleiar i Møre og Romsdal AUF i fjor. Ho var på Utøya saman med kjærasten sin Fredric Holen Bjørdal. Saman med andre gøymde dei seg ein lang periode i grotter nede ved vasskanten før dei til slutt blei berga av ein privat båt.

Eg har ein tanke om å velje kvardagen framfor å følgje rettssaka. Likevel er det viktig å få med seg rettsprosessen som vil gå føre seg. Eg vil sjå denne mannen dømd. Han har øydelagt frykteleg mykje, både for meg og mange andre, seier Fredric Holen Bjørdal.

– Det blir eit sirkus

Begge to arbeider og studerer i Volda. Dermed blir det i hovudsak frå tingretten i Ålesund at dei kan følgje rettssaka. Prosessen i Oslo tingrett blir overført på linje til 17 tingrettar landet rundt.

Eg har grudd meg veldig lenge. Under det første fengslingsmøtet gjekk det opp for meg at vi må forhalde oss til denne mannen på ein heilt ny måte. Det kjem til å bli eit sirkus, og det gler eg meg ikkje til, seier Haugnes.

– Livet er skjørt

For Fredric Holen Bjørdal har terroren 22. juli blitt ei påminning om kor skjørt livet er, og at demokrati ikkje er noko sjølvsagt. Vener og kjende er borte, og han opplevde frykta og kaoset som gjerningsmannen spreidde på Utøya.

Skal ein sjå noko positivt opp i dette, må det vere at eg har lært å setje meir pris på livet, og å sjå kor skjørt det er. Eg er blitt meir medviten, eg er blitt meir glad i livet, samstundes som det som hende har sett djupe spor som kanskje aldri kjem til å gå vekk, seier Bjørdal.

– Veit korleis det er å miste nokon

Torhild Tønnesen Haugnes fortel at ho verkeleg har fått lære at det ikkje går an å ta vener og familie for gitt. Ho har lært seg å bli endå meir glad i menneska rundt seg.

– Både mamma, pappa, veslesøstera mi og venene mine i AUF var viktige før også. Men no har eg fått merke kor viktige dei er for meg. Eg veit verkeleg korleis det er å misse nokon, seier Haugnes.

– Kva ønskjer du rettssaka skal vise?

– Eg vonar at rettssaka skal vise at gjerningsmannen er ein tulling. Han får nok snakke mykje sjølv, og det kjem til å avsløre han. Han skal dømmast, og eg vonar vi skal få sleppe all synsinga og spekuleringa i media. No skal vi få svara, seier Torhild Tønnesen Haugnes.

Etterlatte og overlevende hadde møtt opp for å høre Stoltenbergs tale. En av dem var Line Nersnæs som ble skadet under angrepet.

– Jeg er her for å hedre kollegene mine

For to år siden gikk bildet av Line Nersnæs med en pinne i hodet verden rundt. I dag synes hun det er viktig, men også vanskelig å minne de som ikke kom fra angrepet i live.