Hopp til innhold

Sterk sørstatsroman

Når ein ung, pen amerikanar debuterer med ein mursteinstjukk roman som har formuleringar av typen ”tidenes beste”, ”unik” eller ”oppsiktsvekkende” på omslaget, ja, då er det all grunn til å aktivere hype-filteret. Men unntak finst: ”Barnepiken” av Kathryn Stockett slapp gjennom filteret.

Barnepiken

Boka fortel om dette ganske absurde samfunnet, der små kvite barn blir sterkare knytta til den svarte hushjelpen enn til si eiga mor, medan mor kan seie opp den svarte hushjelpen på dagen.

Foto: Cappelen Damm

Dette er ein tankevekkande og spennande og underhaldande roman. Bak den lett misvisande tittelen ”Barnepiken” skjuler det seg ei historie frå de amerikanske sørstatane på tidleg 60-tal, der svarte kvinner i alle aldrar tente hjå kvite familiar. I tillegg til å gjere alt husarbeidet, hadde dei også omsorg for barna i familien store deler av døgnet.

Trass i dette fekk dei i mange tilfelle ikkje lov til å bruke toalettet inne i huset, dei kunne ikkje gå på biblioteket og i tilfelle dei kom på kant med arbeidsgjevar låg dei tynt an både i rettssystemet og på arbeidsmarknaden. Men tidleg på 60-talet er ikkje alt akkurat som før: Takk vere Rosa Parks kan svarte sitje kvar dei vil på bussen, og borgarrettsrørsla er aktiv på mange frontar. Snart skal Martin Luther King tale under Washingtonmarsjen for arbeid og fridom. Noko er i gjære.

Risikoprosjekt

Barnepiken

'Barnepiken' er oversatt av Monica Carlsen.

Foto: Cappelen Damm

Forfattaren, som sjølv er frå Missisippi der ho vaks opp med svart hushjelp, har valt å la to svarte hushjelpar og ei ung, kvit kvinne fortelje historia i kvar sine kapittel. Og det er litt av ei historie. Skeeter, den kvite kvinna, er inspirert av dei nye tankane i tida og ho får ein ide:

Ho vil la dei svarte hushjelpane fortelje om sine eigne liv, anonymt, sjølvsagt. Om dei blir identifisert er dei ute av arbeidsmarknaden og i tillegg i stor fare. Spenninga i romanen er knytta til denne bokideen. Vil ho få hushjelpane til å fortelje? Vil dei i så fall fortelje sanninga? Og, dersom det blir bok av det: vil dei bli identifisert?

Spenningsfylte forhold

Men ”Barnepiken” er ikkje berre ein spenningsroman. Gjennom kvardagslivet til dei tre forteljarane kjem vi inn i dette ganske absurde samfunnet, der små kvite barn blir sterkare knytta til den svarte hushjelpen enn til si eiga mor, medan mor kan seie opp den svarte hushjelpen på dagen og det veit hushjelpen godt.

Ho veit også at dei små, søte barna vil vekse seg inn i dei kvites samfunn og i si tid vere dei som undertrykker neste generasjon av svarte, altså barna til hushjelpane.

Dei kvite mødrene blir nådelaust utlevert som kunnskapslause, sneversynte, fordomsfulle og intrigante sladrekjerringar som bruker alle åndsevner på sosial klatring. Dei smiskar oppover og sparkar nedover, og akkurat sparkinga er fargenøytral. Skeeter får erfare det, og har valet mellom å jatte med eller å leve i total isolasjon.

Klar tendens

Sympatien ligg utilslørt hjå dei svarte kvinnene som både er klokare, betre mødrer og meir omsorgsfulle mot si eiga gruppe enn sine kvite søstrer. Dette er ein tendesroman utan for mange nyansar. Men nyansane finst, på begge sider.

Det er ikkje vanskeleg å forstå at Minny, ein av dei tre forteljarane, kan drive ein arbeidsgjevar til vanvidd og setje svarte vener på harde prøver. Vi som lesarar ser at ho har fem små barn og ein sjette på veg, mens mannen drikk altfor mykje og juler henne opp når livet går han imot. Og dei kvite kvinnene som ikkje får innpass i det kompliserte nettverket av foreiningar og lag som signaliserer at du er ei ekte kvinne, dei har absolutt ingen å gå til.

Guds orden

Styrken i romanen er likevel ikkje nyansane, men den intime kunnskapen om tenke- og levemåte i desse to skilte kulturane som altså møtest over gryter og barnestell. Nesten alle kvite og eit fleirtal av dei svarte tek systemet for gitt, som noko Gud har ordna ein gong for alle. Men så tek det altså til å gjære. Den svarte pastoren dreg til Washington og marsjerer for borgarrettar, den kvite Skeeter vil høyre dei andres historier. Den unge Bob Dylan syng at tidene forandrar seg.

Spenning og ettertanke

Debutant Stockett, som etter bildet på bokomslaget å døme knapt kan ha vore fødd på denne tida, har skapt eit overtydande tidsbilde. Sett frå min europeiske og kvite bakgrunn verkar det som den like kvite Missisippi-forfattaren også greier å skape eit truverdig, om enn noko idealisert bilde av dei svarte hushjelpane.

Men kva med forfattaren inne i romanen, Skeeter, greier ho å bryte gjennom den massive mistrua til dei svarte hushjelpene slik at det blir ei bok? Det bør ikkje røpast, men det går an å røpe så mykje som at ho prøver. Hardt. Og forfattaren bak boka om Skeeter og dei andre har greidd å skrive ein roman som både byr på spenning og manar til ettertanke.

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters