Hopp til innhold

Død og ekstase

Komponisten Eivind Buene debuterer med romanen ”Enmannsorkester”. Dette orkesteret slit litt med å kome i gang, men finalen er formidabel.

Eivind Buene

Komponist Eivind Buene debuterer som forfatter med romanen 'Enmannsorkester'.

Foto: Eirik Helland Urke/Cappelen Damm

"Enmannsorkester"

”Enmannsorkester” er ein svært ambisiøs roman. Den har heile fem handlingsforløp, den skal både tematisere og imitere musikk, og den har ei rekkje andre tema som skal flettast inn i den femfaldige fletta.

Komponist Buene er på sitt beste på heimebane, det vil sei der det handlar om musikk, men sparer også eit anna ess i ermet til siste slutt.

Eit vendepunkt i livet

Dei fem handlingsforløpa er knytt til fem hovudpersonar som ikkje møtest anna enn i forbifarten eller knapt nok det. Her har vi den litt slitne dirigenten Tristan Szabo, den suksessrike, men einsame, filoinisten Johannes Hellweg, her er Sondre Sæter, som studerer, men som etterkvart blir stadig meir hekta på Schubert, vidare fysikaren Arvid Pettersen, som ignorerer både jobben og etterkvart ein kreftdiagnose, ja og så sist og minst: advokat Anne Dahl, som møter att ungdomskjærasten og har eit hemmeleg eventyr med han, kamuflert som ”møte på jobben”.

Det er snakk om fem svært ulike menneske, som likevel har to ting felles: Dei har eit forhold til musikk og dei er i ei krise eller ved eit vendepunkt i livet.

Kva vil forfattaren?

Problemet i romanen er å byggje opp alle desse fem og motivere krisene og handlingar som krisene får dei til å utføre. Her blir det ein del fikse idear og anstrengte prosjekt som heng i lause lufta.

Dirigenten og fiolinisten er dei som kjem best ut av det, mens historiestudenten Sondre som trur han kan skape si eiga historie ved å skrive ei side om kvar dag i livet, står aldri til truande. Og advokat Anna blir aldri meir enn ein pappfigur. Ein spør seg under lesinga kva forfattaren vil med alt dette.

Det som manglar i historiene om desse fem, tek Buene igjen på to andre punkt, og det er desse to som gjer det bryet verdt å bruke tid på ”Enmannsorkester”: Det eine er musikken i heilt konkret forstand: Omgangen med og gjennomgangen av Schuberts ”Vinterreise” og Alban Bergs fiolinkonsert er rett og slett fengslande: konkret og kunnskapsrikt losar komponistforfattaren oss både gjennom musikken, gjennom korleis denne verkar på sinnet til nokon av dei fem utvalte, og gjennom kva komponistane strevde med då desse verka vart til. Slikt er sjeldan lesing.

Fenomenet tid

Det andre punktet som utmerkar seg i denne romanen, er meir omskrive i romanar, og det er fenomenet tid. Dette er delvis relatert til musikken, som når dirigenten reflekterer over at det å arbeide med klassisk musikk er å ”gjenreise de døde”. Men først og fremst er tida ei side ved livet som valdar problem: korleis skal ein leve med tida som går og den stadig større delen av livet som ligg bak ein? Tristan ser det som ein transformasjonsprosess:

Det var i går, men glemselen har allerede begynt å virke. Om ikke lenge vil han selv huske det slik han har fortalt det videre, han vil ha fortrengt sine egne uforståelige motiver og se det samme bildet som han har vist frem til andre.

Utdrag fra "Enmannsorkester" av Eivind Buene

Ut av det kaoset som er presens, skaper ein ei lineær og forståeleg historie som får leve vidare i fellesskapet med vener og samtalepartnarar. Slik kan ein leve med fortida, og kanskje nesten tru ein forstår seg sjølv.

Lengten etter eit presens

Student Sondre greier ikkje dette. Han spør seg: ”Så hvor ble det av, det rasende nået som han fortærer biter av hvert eneste sekund?” Når han ikkje finn svar, gir han seg til å skrive ei side tekst om kvar einaste dag i livet sitt for å halde det fast. ”Han kan ikke leve med at livet forsvinner.” Men denne desperate skriveprosessen gir verken lindring eller ro for Sondre. Og det er vanskeleg å forstå korleis ein truleg normalt begava historiestudent i det heile skulle kome på ein slik tanke.

Slik bølgar historiene til dei fem seg framover med vekslande overtydingskraft. Høgdepunktet i romanen kjem på dei aller siste sidene, der dei fem nærmar seg klimaks på svært ulike vis og der flettinga blir stadig strammare og historiene tek over for kvarandre nesten umerkeleg.

Her kombinerer forfattaren på ein slåande måte ”showing” og ”telling”, han viser gjennom forma og fortel med orda kva det er som er på gang. Og her er vi ved eit anna, sentralt aspekt ved tida, nemleg lengten etter eit presens der tida blir ståande stille, der personane kan gå ut av seg sjølv og gå i eitt med noko større, der grensene blir oppheva, der alle reservasjonar og nølingar er måkt bort.

Når Arvid Pettersen tenkjer på eit spesielt stykke av Brahms, er han inne på noko av dette:

Solistens vandringer kan like gjerne være hemmelige forsøk på å fri seg fra den tyngdekraften som i det øyeblikket musikken skrives, våren 1881, har holdt musikken lenket til virkeligheten. Brahms’ solist forsøker å smette ut gjennom et snitt i tiden og derved oppnå Den Store Friheten. Men det skal vise seg at harmonikkens seige navlestreng gjør en slik flukt umulig.

Utdrag fra "Enmannsorkester" av Eivind Buene

Imponerande finale

Den store draumen er å slite seg laus frå ”harmonikkens seige navlestreng” eller kvar det no måtte vere som held folk borte frå å smette ut gjennom snittet i tida og inn i det store fridommen.

Denne utopiske lengten er det som, kanskje, får ei utløysing på dei siste sidene av romanen. Denne finalen er imponerande og formidabel, og av ein heilt annan kvalitet enn historiene om ein Sondre eller ei Anna som styrer rundt i kvar sine kapittel.

Buene er rett og slett god på det som ein gjerne tenkjer som dei vanskelegaste sidene ved ein roman, nemleg det å få tematikkane til å svinge mellom linene og det å kome i mål på ein skikkeleg måte. Dersom forfattaren reindyrkar sine sterke sider, kan dette vere starten på eit originalt forfattarskap.

Kulturstrøm

  • Norsk politi er på plass i Malmö – kjem frå Oslo Politidistrikt

    Eurovision-veka i Malmö er i gang, og norsk politi er på plass.

    Politidirektoratet vil ikkje seie kor mange frå norsk politi som skal hjelpe svensk politi.

    – Vi går ikkje ut med det eksakte talet på personar som skal delta, men kan stadfeste at personellet kjem frå Oslo Politidistrikt som har god kompetanse på denne typen oppdrag, skriv seksjonssjef Torgeir Haugen i ein e-post til NRK.

    I Sverige er arrangementet sett på som ein «nationell särskild händelse», som betyr eit stort politioppbod frå heile Sverige og nabolanda.

    Det er vente store demonstrasjonar i byen denne veka.

  • Nintendo varsler ny konsoll i år

    Det japanske spillselskapet Nintendo varsler at arvtakeren til deres spillkonsoll Switch vil bli presentert innen utgangen av selskapets regnskapsår, melder nyhetsbyrået AFP.

    Nintendo Switch er selskapets mestselgende konsoll noensinne. I desember 2023 var det solgt 139 millioner eksemplarer på verdensbasis.