Hopp til innhold

Stor og sterk

Rust er ein roman som gapar over mykje; frå oppvekst og bandliv utanfor Oslo ein stad, til tortur og tap i Chile under militærdiktaturet. Det er ingen tvil om kva for del av romanen som hevar den over snittet.

Forfatter Pedro Carmona-Alwarez har skrevet romanen Rust

Rust er ein roman som gapar over mykje; frå oppvekst og bandliv utanfor Oslo ein stad, til tortur og tap i Chile under militærdiktaturet. Det er ingen tvil om kva for del av romanen som hevar den over snittet.

For det er det med bandromanar, at det finst eindel av dei etterkvart. Og så grusom er litteraturverda, at dei som kjem eit stykke ute i rekkja må, om ikkje overgå dei andre så i allfall gjere historia ny på ein eller annan måte. Det gjer ikkje Carmona-Alvarez, så denne delen av romanen er heilt grei, til tider gripande og svært ofte velformulert, men utan å ta av. Bandet ”The White House” nyt store suksessar på 90-talet med plater som ”Last stop: Kolbotn” og ”Bored, she makes frogs”. Historia er fortalt frå tida etterpå, etter at den sentrale figuren i bandet har forsvunne sporlaust og bandet er oppløyst.

Ein overdose rock


Der vi får ganske fyldig informasjon om fleire av gutta i bandet, blir sjølve initiativtakaren ståande i eit dunkelt skjær, inntil han altså ein dag er borte. Passolini, som han kalla seg sjølv, var fødd i Chile og budde nokon år i Argentina etter militærkuppet i 1973, før han og mora kom til Noreg og Passolini blei ein av gutta saman med Daniel og Thomas og nokon til. Det blir sex and drugs and rock and roll og mykje å sjå tilbake på for dei andre i bandet. Litt for mykje, når sant skal seiast.

I andre del er vi i Argentina, der vi ganske raskt blir henta inn til etterforskinga av ein serie drap: åtte personar som alle spelte ulike roller under militærdiktaturet i Chile, er likvidert i eit hus der det ligg store mengder dokumentasjon over kva dei har gjort. Mordarane, også åtte i talet, melder seg kollektivt.

Mord, eller hemn


Denne andre delen handlar om dei åtte mordarane -eller som dei sjølv ser det: hemnarane. Dei har sine ulike historier og familiane deira har for alltid blitt merka av Pinochet og hans regime. Nokon blei drept, andre torturert, medan atter andre slapp unna og må slepe seg gjennom uendelege dagar i eksil med minne, skuldkjensle, lengsler, mareritt og manglande evne eller ork til å skaffe seg eit nytt liv i Skandinavia.

Under tittelen ”Los apparecidos” som skal bety noko slikt som gjenferd, rullar den eine historia etter den andre fram. Historiene knyter seg saman. Nøkterne fakta om diktaturet og om kva som skjer med folk, blir lenka saman med draumar og mareritt og erfaringar som ikkje kan snakkast om men som likevel får kome fram. Her spelar forfattaren på eit mykje større register enn i første delen, ”The White House”. Naturlegvis når det gjeld handling,- det er trass alt ein vesensforskjell mellom tortur og pubertal bakrus- men også språkleg. Her kjem poeten Carmona-Alvarez fram og skaper mangefassetterte bilde av ei tid og eit regime som slett ikkje er ukjent for oss som fekk prenta inn datoen 11. september allereie i 1973, men som gjennom denne historia får nye dimensjonar. Ikkje minst historiene om eksilet er skildra med etsande presisjon og på ein slik måte at det smittar: nye landsmenn kan ha historier å slite med som er hinsides det vi kan forstå.

Ein for tynn tråd


Men så er det samanhengen mellom venegjengen utanfor Oslo ein stad som lagde band, og gruppa på åtte i Buenos Aires som tek hemn ved symbolsk å la åtte personar representere alle dei som ikkje blei straffa for brotsverka sine etter at diktaturet fall. Her slit romanen skikkeleg, og han slit meir enn eg forstår at han må, for her har forfattaren gjort nokon val som er nokså gåtefulle. Den vakne lesar vil truleg ha tenkt ut at den forsvunne chilenaren Passolini spelar ei rolle også i del to, og det gjer han. Men heller ikkje her får vi historia hans. Dermed blir nøkkelfiguren ståande i eit gåtefullt lys gjennom heile romanen. Historiene om alle dei andre gjev nokon glimt av livet hans og av måtar å forstå han på, klart det. Likevel kan eg ikkje fri meg frå tanken på at eit fyldigare portrett av Passolini ville ha vore ein styrke ikkje berre for komposisjonen av romanen, men også for den innsikta romanen gjev i eksilets og hemnens psykologi.

Viktig roman

Romanen er altså for lang i første del og for kort i andre del, i den forstand at det blir lagt fram for mange repetisjonar frå bandlivet og ei livshistorie for lite frå eksillivet. Dette er ein kritikk som ikkje rokkar ved konklusjonen som er eintydig: Rust er ein viktig roman.

Kulturstrøm

  • Buing under Israels øving til ESC-semifinale

    Da Israel øvde i Malmö onsdag kveld ble det buet fra salen. Ifølge opptak NRK har hørt og Aftonbladet. Den svenske avisen skriver også at sikkerhetsvakter stod langs trappen opp til scenen da den israelske artisten Eden Golan stod på scenen under generalprøven. Når den andre semifinalen går av stabelen torsdag sensurerer EBU lyden ut på lufta.

  • Får støtte frå pappa

    Den svenske artisten Eric Saade markerte støtte for Palestina under eit Eurovision-arrangement tysdag.

    No får han støtte frå pappa Walid Saade, melder Expressen.

    – Vi viser at vi finst og at det som pågår ikkje får skje, seier han til avisa.

    Besteforeldra til Eric Saade flykta frå Palestina til Libanon i 1948.

    Sweden Eurovision Song Contest Semi-Final
    Foto: Martin Meissner / AP
  • Regjeringen gir en million kroner til Rørosmartnan

    – Rørosregionen er en viktig region for Norge. En investering i kvalitet for investering for Rørosmartnan gir et godt bidrag. Sammen med det lokale næringslivet vil regjeringen bidra til at kulturhistorien og tradisjonene blir sikret på Røros og bevilge 1.000.000 kroner til Rørosmartnan, sier Jonas Gahr Støre.

    Støre var i vinter på besøk på Røros og åpnet arrangementet som første statsminister. Bidraget kommer I forbindelse med revidert nasjonalbudsjett, som legges fram 14. mai.

    – Dette er en merkedag for oss på Røros, og et viktig signal om at Rørosregionen er viktig også for hele Norge, sier ordfører Isak Veierud Busch (A).

    Støre på Rørosmartnan
    Foto: Statsministerens kontor