Hopp til innhold

Syklande bjørnar og andre kunster

Ingo Schulze blir nemnt som den sentrale forfattaren av tysk, episk litteratur i sin generasjon. Arvtakaren etter Heinrich Böll, Siegfried Lenz og Günter Grass. Ja, og Thomas Mann om ein skal gå litt lenger tilbake.

Ingo Schultze på bokmessen i Leipzig

Ingo Schulze på bokmessen i Leipzig.

Foto: Anne Cathrine Straume / NRK

Det er snakk om ein formidabel arv, i ei tid då tysk litteratur ikkje er av dei mest etterspurte varene på den globale litteraturbørsen. Kan Ingo Schulze gjere noko med dette, kan han løfte arven etter dei store kjempene?

Ingo Schultze

Ingo Schulze: Mobil. Tretten fortellinger på gammel maner. Omsett frå tysk av Sverre Dahl. Gyldendal 2009

Foto: Gyldendal

Han er allereie godt i gang, ettersom "Mobil" er utkomen på meir enn 20 språk. Men det er sjølvsagt berre eit delsvar. Det mest interessante spørsmålet står att: nemleg om boka hans duger. Svaret er ja, sjølv om eg lenge var i tvil. For dette er ei bok som blir betre etter ei stund, ja, som insisterer på at ho bør lesast meir enn ein gong.

Må vandre innover i tåka

Ein grunn til dette, er at mange av historiene opnar midt i saker lesaren ikkje anar kva er, og der blir vi verande lenge. Dette er ikkje ein forfattar som ønskjer deg velkommen inn og viser deg til rette i teksten. Her må du berre vandre innover i tåka og satse på at det klarnar litt etter litt. Og det gjer det, kvar gong. Men det fører til at ein stadig må tilbake til start etter endt lesing.

Hovudpersonen i novellene er ofte ein mannleg forfattar i 30-40 årsalderen som har vakse opp i DDR. Av og til har han skrive dei same bøkene som Ingo Schulze, men elles er det informasjonar som ikkje heilt let seg innpasse i livsløpet, blant anna ei større gruppe av koner og kjærastar og forhold på si’ enn det er realistisk å tru at den reelt eksisterande forfattaren har greidd å ekspedere i løpet av sitt relativt korte liv. Vi har altså å gjere med ein av dei som går inn i det for forfattarar så attraktive rommet mellom fiksjon og fakta, og dette reflekterer han rett som det er over i teksten: gjerne i form av fyndsetningar: ”I hverdagen finnes det ingen noveller.” ”I virkeligheten gikk det jo helt annerledes for seg enn i historiene mine.” ”Får jeg ikke skrive om dette bare fordi et par mennesker aner hvem jeg mener med Petra eller Katja?”

Forskjell på eit liv og ei novelle

Forfattaren insisterer på at også det som har ein dokumentarisk bakgrunn, er oppdikta. Det er forskjell på eit liv og ei novelle, han gjer eit nummer av at det ikkje går an å skrive rett ned dramatiske hendingar, han må la stoffet liggje til detaljane er gløymte og så dikte vidare på det som har nedfelt seg i minnet. Dette gjer han eit nummer av i ei av dei mest bisarre novellene, der forfattaren under eit opphald i forfattarforbundets gjestehus i Käsmu, Estland opplever å bli vikla inn i dei fantasirike prosjekta vaktmeisteren driv med på fritida for å tene pengar: Ein rik finne vil skyte bjørn i skogen, men det finst ingen bjørnar. Vaktmeister Arne kjøper ein gammal sirkusbjørn i Russland som vår mann hjelper til med å setje ut i skogen. Enden på det heile er at den russiske bjørnen stel sykkelen til ein tilfeldig blåbærplukkar og syklar ut av skogen. Slik unngår han dei finsk-estiske kulene.

Den usikre og skjøre kjærleiken

Både andre verdskrigen og DDR-tida ligg som eit diskret bakteppe i fleire av historiene, og den som vil kan la det bli ein del av biletet. Det går også an å lese historia om bjørnen og Arne som ei historie om ein sirkusbjørn og ein vaktmeister. Men den tydlegaste raude tråden er den som handlar om den usikre og skjøre kjærleiken, og den ustabile tilstanden ein meir generelt gjerne kallar for ”livet”. Partnerar kjem og går – av og til bak ryggen. Framande personar verkar trugande og vanskelege å forstå, situasjonar oppstår og kan vere vanskelege å tolke. ”Var det en katastrofe? Eller var det bare en bagatell?” spør ein av personane seg sjølv, og det er klart at slikt er greitt å vite når ein skal bestemme korleis ein skal reagere.

Det er altså ikkje berre lesaren som blir overlaten til seg sjølv i ei tåke der det er vanskeleg å orientere seg. Personane har det på same måten, og det gjer situasjonen straks meir interessant. Når eg no har teke jobben med å bli kjent med Schulzes måte å skrive på, ser eg fram til nye møte.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters