Hopp til innhold

Lyden av noen som dør

Brynjulf Jung Tjønn imponerte med debutromanen "Eg kom for å elske" i 2002, då han var 22 år gammal. Denne andre boka visar at han er i ferd med å bli ein stor forfattar.

Forfatteren Brynjulf Jung Tjønn

Brynjulf Jung Tjønn (f. 1980) er oppvokst i Feios i Sogn og Fjordane og arbeider som journalist. 'Lyden av noen som dør' er hans andre bok.

Foto: Thomas Brun

I debutromanen skreiv han suverent og nedtona om familiekriser og kjensler så innestengde at det verka heilt naturleg for ein av personane å leggje handa si på den glovarme grillen. I bok nummer to ber allereie tittelen bod om at det kan vere kriser i vente her også.

Døden er eit dunk

"Lyden av noen som dør" er eit dunk. Det var i alle fall lyden av mors død då ho brått datt saman på golvet, karakteristisk nok ved komfyren der ho stod store deler av livet. Andre dødsfall kan ha andre lydar, men her gjeld det å ikkje føregripe, for dette er ein roman som porsjonerer nøye ut informasjon litt etter litt.

I starten er det Clemence på 18 år og far hans. Etter at mor døydde utan forvarsel, klappar far saman og livet på garden der dei bur går i stå. Samtalen også. Det blir gjerne at dei står og ser på kvarandre. Dei står på kjøkenet, og Clemence ser far sin:

Brynjulf Jung Tjønn: Lyden av noen som dør. Cappelen 2008

Brynjulf Jung Tjønn: 'Lyden av noen som dør'. Cappelen 2008

Foto: Cappelen Damm

”Ein kraftig bondekar med altfor stor mage, tronge blodårer etter ei overvekt av mette feitt-måltider, og digre arbeidshender, fulle av arr og vorter, rue som grovt sandpapir. Frå fars hender flytter eg blikket til mi bandasjerte venstre hand. Eg tenker på mor som døde. Far står ved kjøkkenbordet, ser på meg, men seier framleis ingen ting. Det har gått omtrent to månader sidan eg øydela handa, rett etter mors død, rett før eg pakka sekken, slutta på skulen begynte å arbeide fulltid på bensinstasjonen til Werner.” (s 12)

Fleire sanningar

To menn som sørgjer, kvar på sin måte. Far sluttar å ete og den kraftige bondekroppen skrumpar inn, Clemence vil ikkje gå på skulen. Så langt er alt forståeleg. Men gradvis skrur det seg til: små informasjonar legg seg oppå, små nyansar vert justert, og langsamt dukkar det opp eit anna bilde eller rettare: andre bilde. Og når det finst ulike versjonar, rokkar forfattaren ved tilliten han har bygd opp i lesaren. Vi må stadig vurdere og revurdere kva det er som kan ha skjedd. I somme saker er det ikkje så avgjerande. Om farfar drukna eller datt ned frå eit fjell er ikkje så ekstremt viktig for historia, men det er naturlegvis merkeleg at familien har såpass ulike versjonar av ei hending som ikkje kan vere altfor fjern i tid. I andre saker som dukkar opp er det vesentleg meir akutt å vite kva som eigentleg skjedde, eller sagt på ein annan måte: kven som gjorde kva.

Velkomponert

Brynjulf Jung Tjønn er uvanleg dyktig til å komponere ein tekst. Den truleg ikkje heilt pålitelege forteljaren Clemence får røpe sider ved seg sjølv indirekte, gjennom måten han assosierer på. Saman med den gradvise utleveringa av informasjon, og det nøkterne språket som også dei mest drastiske versjonane er skildra i, gir dette assosiasjonar til Carl Frode Tillers ”Skråninga” og Oddmund Hagens ”Flukt”, som begge inneheld etsande sjølvportrett av hardt prøvde unge menn.

Vi er inne i dette uhyggelege grenselandet der eit mareritt kan vise seg å vere eit brotsverk, der offeret kan bli bøddel og der den daglegdagse replikken kan dekkje over unemnelege brotsverk. I dette grenselandet finst mykje av den store litteraturen, og med denne andre boka er Tjønn i ferd med å bli ein stor forfattar.

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters