Hopp til innhold

En halv gul sol

Biafra er ikkje lenger berre magre, storøygde småbarn når ein har lese Adichies roman ”En halv gul sol”.

Chimamanda Adichie: ”En halv gul sol”. Gyldendal 2007

Chimamanda Adichie: ”En halv gul sol”. Omsett til norsk av Mona Lange. Gyldendal 2007

Foto: Gyldendal

Chimamanda Adichie er student i USA. Ho er også ein prislønt nigeriansk forfattar av dikt, romanar, noveller, essays og skodespel. Som så mange andre afrikanske forfattarar, har ho altså ein formidabel avstand til det ho skriv om, i alle fall geografisk. No er andre romanen hennar, ”En halv gul sol” ute på norsk.

”En halv gul sol” viser til Biafras flagg, der motivet er ei halv sol. Og det er nettopp Biafra-krigen Adichie skriv om her, ein krig som var over ti år før ho sjølv var fødd.

Alle mot alle

Eg vil tru mange tru får opp bilde av eit Biafra-barn i minnet når det er snakk om denne krigen, og det er absolutt ein del av bildet, ettersom blokkering av matforsyningar til sivilbefolkninga vart nytta som våpen frå Nigerias side, i kampen for å slå ned forsøka på statsdanning blant igbo-folket søraust i landet. Staten Biafra fekk eit kort liv. Men i denne konflikten ligg alle tenkelege spenningar, og Adichie målar det heile med sterke fargar og brei pensel:

Det er igboar mot hausaer, muslimar mot kristne, by mot land, akademikarar mot kloke koner, korrupte forretningsmenn mot alle andre enn seg og sine interesser, og i bakgrunnen spøker naturlegvis den tidlegare kolonimakta England som har etterlate seg eit solid grunnlag for konfliktar. Slik argumenterer akademikaren Odenigbo, ifølgje boyen som tjuvlyttar i dørsprekken:

”…mitt poeng er at den eneste autentiske identitet for afrikaneren er stammen, sa herren. – Jeg er nigerianer fordi en hvit mann skapte Nigeria og gav meg den identiteten. Jeg er svart fordi den hvite mann har konstruert begrepet svart som det mest mulig forskjellige fra hans hvit. Men jeg var igbo før den hvite mann kom.” (s 30)

Eit slikt lite avsnitt kunne ein skrive ei avhandling om. For finst det verkeleg ein ”autentisk identitet” bakom alle konstruksjonar? Og viss den finst, let den seg rekonstruere i Afrika etter kolonitida? Forfattaren let debattane gå friskt mellom panafrikanarar, tribalistar og andre i forkant av den væpna konflikten, og motsetningane blir ikkje enklare av at du har slike som Richard, ein kvit engelskmann med djup interesse for tradisjonell religion og kultur blant igboane, medan den svarte kokken hans, Harrison, set si ære i å halde eit strengt europeisk kjøkken og ler hånleg av forsøk på lokal kokkekunst.

Fortolkar

I sentrum av romanen er ein rik igbo-familie med to døtre. Gjennom ekteskap, venskap og tenarskap får forfattaren med heile mangfaldet, og den 500 sider lange historia om ein kamp vi veit vil ende med nederlag, er både medrivande og lærerik, både gru- og lattervekkande.

Om eg skulle ha ein kritisk merknad, er det at teksten av og til blir for omstendeleg og pedagogisk, forfattaren forklarer og tydeleggjer poenga i ein grad som får meg til å stusse. Og dermed er eg tilbake der eg starta, nemleg med avstanden. For dette er ikkje ei bok på igbo om igboar for igboar, eller om nigerianarar for nigerianarar. Denne romanen er skriven på kolonispråket engelsk, i USA, for eit vestleg publikum. Dermed kjenner forfattaren seg nøydd til å fortolke sin eigen kultur og forklare kva som skjer på ein måte du ikkje vil finne i ein norsk eller i ein engelsk roman. Slik kommuniserer romanen noko om kolonitida også utanfor teksten, og slik blir også ei svak side ved romanen paradoksalt nok ein kvalitet.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters