Hopp til innhold

Kaos rundt billettsal

Quart meiner dei ikkje har oversikt over talet på selde billettar. Men det tilbakeviser billettleverandøren.

Quart 09
Foto: Lars Eie / NRK

Quartfestivalen uttalte før festivalen starta at målet var 100.000 selde billettar.

Sidan årets festival har hatt fleire startvanskar, har det vore mykje spaning knytt til kor mange billettar Quart faktisk har klart å selje.

Festivalleiinga hevdar at dei ikkje har mogelegheit til å ha oversikt over kor mange billetar dei har selt.

Men dette tilbakeviser billettleverandøren, ved administrerande direktør i iTicket, Morten Skjelbred.

  • Les alt om Quart-09 her .

Får rapportar fortløpande

- Vi har levert rapportar fortløpande til Quart om kor mange billettar vi har selt. Dei kan få rapportar så ofte dei ønskjer det, anten dagleg eller vekentleg.

Dermed fell mykje av det Quart-sjef Arild Buli sa på pressekonferansen onsdag om at festivalen ikkje får konkrete tal frå sine billettleverandørar i grus.

Quart-publikummet kan kjøpe billettar på tre måtar. iTicket står bak salet på billettluka.no, Narvesen og 7-Eleven.

I tillegg handterer festivalen sjølv også billettsal via eigne nettsider. Men til no har festivalen gjeve sprikande opplysingar om kor mange billettar dei faktisk har selt.

Det har også synt seg at festivalen har ein noko kreativ og fruktbar måte å telje antal selde billettar på .

Stipulerer 50.000 så langt

Arild Buli

Quart-sjef Arild Buli.

Foto: Asbjørn Odd Berge / NRK

Etter mykje om og men, avslørte festivalsjef Buli i går at Quart har selt 24-25.000 billettar dei to første dagane av festivalen.

Men kor mange billettar Quart har selt totalt så langt, vil ikkje Buli seie noko om.

- Vi har ikkje noko tal på det. Anslagsvis ligg vi rundt 50.000 selde billettar så langt.

- Så de har selt cirka 25.000 billettar for torsdag, fredag og laurdag?

- Eg har ikkje noko tal på det. Eg stipulerer eit tal på 50.000 billettar totalt, og utover det ønskjer eg ikkje å seie noko om det.

- Aldri moro å gå ut med fiasko

Festivalsjefen hadde tidlegare eit ganske hårete mål om å selje 200.000 billettar til Quartfestivalen.

Tysdag modererte han seg, og meinte 100.000 billettar var realistisk. No ser det altså ut til at målet må justerast ned betrakteleg.

- Vi har nok av billettar att, og meiner at vi har selt lite billettar, innrømmer Buli.

Musikksjef i NRK Petre, Mats Borch Bugge, meiner festivalen har satt seg urealistiske mål.

- Det er aldri morosamt å gå ut med ein fiasko. Quart har openbert selt mindre enn målsetninga. Det at dei så legg ansvaret for dei reelle tala på sine mediepartnarar, kan ein sikkert diskutere om er ein god strategi eller ikkje.

Kulturstrøm