Hopp til innhold

- Usikkert sal

Det herskar fleire usikkerheitsmoment kring salet av The Pirate Bay. Mange lurer på kva som kjem til å skje vidare med nettstaden.

The Pirate Bay-flagg under en demonstrasjon mot rettssaken
Foto: FREDRIK PERSSON / AFP

Universitetslektor i informatikk ved Universitetet i Oslo, Gisle Hannemyr skjønnar lite av Pirate Bay-salet.

Dobbeltkommunikasjon

Gisle Hannemyr

Universitetslektor ved Universitetet i Oslo Gisle Hannemyr seier til Kulturnytt at han ikkje skjønnar greia.

Foto: Gisle Hannemyr

Han meiner det er merkeleg at partane ikkje frontar ein felles presentasjon der dei forklarar kva handelen går ut på.

- The Pirate Bay seier at dette er noko dei gjer for at nettstaden skal kunne halde fram som før. I oppkjøparen si pressemelding kjem det fram at dei ynskjer å tilretteleggje for ein lovleg forretningsmodell, der ein deler inntektene med opphavsrettseigarane, seier Hannemyr.

- Det er merkeleg at dei dobbeltkommuniserer, meiner Hannemyr vidare.

- I tillegg er det merkeleg at Global Gaming Factory X er villig til å betale 60 millionar kroner for noko som berre er eit varemerke. Særleg når forretningsmodellen er kjent ulovleg i ein rettsinstans, seier Hannemyr.

Låg aksjekapital

Og uromomenta ved kjøpet stoppar ikkje der.

- Det ser ikkje ut til at kjøparen har pengar. Aksjekapitalen deira er låg. Eg lurer på kor kjøpesummen, der halvparten skal betalast i kontantar skal kome frå, seier Hannemyr.

Lovleg løysing

Også Torgeir Waterhouse i IKT Norge meiner at framleis er mykje som er usikkert rundt salet av nettstaden. Men likevel er han positiv.

- Dette viser at ein må tilpasse seg den nye tida. Det er framleis eit langt løp, men ei viktig dreiing mot ei lovleg løysing, meiner Waterhouse.

Kva synest du om salet av The Pirate Bay?

Kulturstrøm

  • Norsk politi er på plass i Malmö – kjem frå Oslo Politidistrikt

    Eurovision-veka i Malmö er i gang, og norsk politi er på plass.

    Politidirektoratet vil ikkje seie kor mange frå norsk politi som skal hjelpe svensk politi.

    – Vi går ikkje ut med det eksakte talet på personar som skal delta, men kan stadfeste at personellet kjem frå Oslo Politidistrikt som har god kompetanse på denne typen oppdrag, skriv seksjonssjef Torgeir Haugen i ein e-post til NRK.

    I Sverige er arrangementet sett på som ein «nationell särskild händelse», som betyr eit stort politioppbod frå heile Sverige og nabolanda.

    Det er vente store demonstrasjonar i byen denne veka.

  • Nintendo varsler ny konsoll i år

    Det japanske spillselskapet Nintendo varsler at arvtakeren til deres spillkonsoll Switch vil bli presentert innen utgangen av selskapets regnskapsår, melder nyhetsbyrået AFP.

    Nintendo Switch er selskapets mestselgende konsoll noensinne. I desember 2023 var det solgt 139 millioner eksemplarer på verdensbasis.