Hopp til innhold

Motown Records 50 år

Motown sto bak ein revolusjon innan populærmusikken på 1960-tallet. Eventyret starta i ein ombygd garasje i Detroit.

Supremes
Foto: AP

Motown er ei forkorting for motor town, som også har vore kallenamnet på Detroit. Både opphavet til namnet og sjela til plateselskapet ligg i den verdskjende bilbyen.

Se Lydverket: Hjemme hos Motown

Berry Gordy Jr.

Berry Gordy jr. starta Motown Records.

Foto: RON FREHM / AP

Berry Gordy jr. er mannen bak det heile. Han starta karriera som låtskrivar, men følte at inntektene ikkje sto i forhold til innsatsen. Gordy såg at det var meir pengar å hente i både plateproduksjon og rettigheiter. Difor lånte han 800 dollar av familien og starta sitt eige plateselskap. Dessutan ville han ha svart musikk og svarte artistar inn på den kvite platemarknaden.

Del av fridomskampen

Motown sto bak ein revolusjon innan populærmusikken på 1960-tallet. Selskapet spelte ei avgjerande rolle i integreringa av svart musikk på dei kvite poplistene. Og dei svarte si sjølvkjensle steig i takt med listeframgongane til Motown. Midt i dei viktigaste åra for den afroamerikanske borgarrettigheitsrørsla vart Motown ein del av fridomskampen.

Stevie Wonder

Stevie Wondervar blant dei som sto i front for suksessen til Motown Records.

Foto: RIC FELD / AP

Låtane frå bilindustribyen prega hitlistene verda over. Kjende artistar som Stevie Wonder, Marvin Gaye og The Supremes var blant dei som sto i front for suksessen.

Under den mestselgande perioden på midten av 60-talet var Berry Gordys slagerfabrikk nesten utelukkande opptatt av singlar. Endelause straumar av landeplagar rulla ut frå samlebandet i Detroit. Ingen i USA hadde fleire superhits enn The Supremes midt på 60-talet.

"Motown Sound"

Under storheitstida var det ingen som kunne måle seg med plateselskapet. Dei utvikla sitt eige uttrykk, "Motown Sound", som var popinfluert soulmusikk. Låtskrivarane og produsentane var dei same. Det faste husbandet The Funk Brothers sto nesten alltid bak songarane. Plateselskapet skapte eit eige unikt lydbilete.

Selskapet vart ein like stor suksess forretningsmessig. Berry Gordy demonstrerte at også afroamerikanarar kan få stor makt i musikkbransjen. I 1972 flytta Motown til Los Angeles. Artistane fekk større musikalsk fridom, men mange meinte at sjela til selskapet låg att i Detroit. Gründeren Berry Gordy selde seg ut i 1988. I dag held Motown til i New York og er eigd av Universal Music Group.

Og framleis pregar storheitene frå 60- og 70-talet musikkbiletet. I 2008 var Marvin Gaye nummer seks på musikkmagasinet Rolling Stone si liste over dei 100 største songarane i verda.


Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters