Hopp til innhold

Elskerinnene

Er nobelprisvinnar Elfriede Jelinek meir pessimist enn feminist, spør bokmeldar Marta Norheim.

Romanen "Elskerinnene" av Nobelprisvinnaren frå 2004, Elfriede Jelinek er no komen på norsk. Fotoet på omslaget viser ein blotta kvinnerygg med svart BH. Men den som trur vi her skal inn i ei verd av spennande, kanskje til og med hemmelege erotiske møte, den er grundig lurt. Elfriede Jelinek er ein heilt annan stad.

Jelinek sjøl har bakgrunn i borgarskapet i Wien, der psykisk terror var eit vesentleg element i familielivet ifølgje forfattaren. I romanen ”Elskerinnene” er vi på landsbygda og hjå arbeidarklassen. Men den psykiske terroren finst her også, hyppig supplert av fysisk vald. Denne romanen kom ut midt på 70-talet, i ei tid då feminismen kunne vere aggressiv og då kampen mot mannssamfunnet tok mange ulike former. Jelinek er ein del av dette mentale klimaet, men så tek ho det ut litt lenger. Og dette ”litt lenger” er nok grunnen til at forlaget finn det bryet verdt å gje ut ein roman som på mange måtar verkar datert. Det har trass alt skjedd eindel med kvinners levekår i løpet av den siste generasjonen, i alle fall i vår del av verda.

Elskerinnene
Foto: Heidi Larsen

Distansert

Det heile startar riktig harmonisk, ja så harmonisk at alarmklokkene bør slå allereie ved forordet, der vi blir kjent med ein vakker landsby med ein flott fabrikk der kvinnene syr undertøy.

”om kvelden kjører syklene de kvinnelige eierne sine hjem. hjem. hjemmene står i det samme vakre landskapet.

her gror det tilfredshet, det ser man.

den som landskapet ikke kan gjøre tilfreds, den gjør mannen og barna til overmål tilfreds…”

(s 6)

Dette er den sukra overflata. Ganske snart kjem dei underliggande realitetane til syne, men også desse er skildra av ein distansert og lite medfølande forteljar. Hat, vald og hårfrisyrer blir presentert i same stemningsleie, og er for så vidt også ein del av den same økonomien.

Kjøttmarknad

Vi snakkar om samlivsøkonomien. For her handlar det om å skaffe seg ein mann. Dei to unge kvinnene Paula og Brigitte er på mannejakt. Dei må ha ein mann for å bli til noko, for å kunne klatre sosialt og leve eit respektabelt liv. Kjærleik har ingen ting med saka å gjere, sjøl om ein kunne bli lurt til å tru det når Brigitte grip etter handa til Heinz der dei går på gata saman.

”håndgripinga er først og fremst viktig når andre kvinner er i nærheten og dukker opp som en fare forvandlet til stivt kjøtt. da sniker en liten hånd seg sjenert inn i heinz’ store og snakker om været, verdenssituasjonen eller om mat eller om naturen. (…)

det er utrolig hvor sterkt man kan hate noen. brigitte trenger bare å se på heinz for å hate ham.” (s 58-59)

Heinz er ei god investering, og Brigitte måtte jobbe hardt for å bli gravid med denne sjølgode og stinkande karen slik at dei - mot hans vilje - må gifte seg.

Paula satsa på ein vakker mann som viste seg å ha lite anna å fare med, og søkk til botnar med han.

Tryllar med språket

Kvinnene er totalt avhengige av flaks på ekteskapsmarknaden for å overleve, og Jelinek utforskar denne kjøthandelen ned til minste detalj. Det er ikkje vakkert. Men er det feminisme? Ja, fordi vi her ser at kvinnene har mindre makt enn menn. Nei, fordi det ikkje finst utvegar i nokon retning. Samfunnet er som det er, og dei dumme mennene og dei minst like dumme kvinnene køyrer kampen for tilveret som eit gledelaust og individuelt prosjekt. ”Elskerinnene” er ein misantropisk roman.

Finst det eitt einaste godt argument for å interessere seg for ein hatsk roman om elendig kvinneliv på 70-talet? Det gjer faktisk det. For Jelinek tryllar med språket. Ho harselerer og repeterer og skraper av lag på lag av pynt. Romanen ”Elskerinnene” har overlevd som litteratur, sjølv om tematikken har hatt si tid.

#?-:nbsp;

Kulturnytt, NRK P2, 2. januar 2007

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters