Hopp til innhold

Kritikk mot Bragepris-juryen

Juryen for faglitteratur må tåle kritikk for nominasjonen av boka "Nordfronten - Hitlers skjebneområde".

 

 

 

 

Arnfinn Moland
Foto: Richardsen, Tor / SCANPIX

Historikarar reagerer på at juryen rosar boka for rikhaldig kjeldemateriale, sjølv om den berre baserer seg på andre bøker.

Arnfinn Moland er historikar og dagleg leiar på Norges Hjemmefrontmuseum. Han stussar over omtalen av boka.

- Utan å ta stilling til nominasjonen så synes eg at omgrepet «uvanleg rikt kjeldemateriale» er feilaktig, seier han.

Basert på andre bøker

Boka "Nordfronten - Hitlers skjebneområde” er skriven av redaktør i avisa Nordlys, Asbjørn Jaklin, og tek føre seg andre verdskrigen i nord. Den er nominert til Brageprisen under kategorien faglitteratur.

"Nordfronten" er nesten utelukkande basert på bøker skrivne av andre forfattarar, rundt 200 ulike titlar, noko Jaklin har fått kritikk for. Arnfinn Moland reagerer derfor på Brage-juryen si grunngjeving.

- Du kan ikkje bruke slike uttrykk om ei bok som berre baserer seg på ein type kjelde, seier Moland.

- Når blei bøker kjelder? 

Han får støtte av professor i historie, Guri Hjeltnes. I ein kommentar i VG, skriv ho:

«Juryen gir Jaklin ros for å formidle med solid journalistisk håndverk krigens gru i et nøkternt, virkningsfullt språk. Men én formulering er forunderlig: Juryen sier Jaklin har «benyttet et usedvanlig rikholdig kildemateriale» - når ble bøker kilder?»

 

Karianne Bjellås Gilje
Foto: Bjørn Sigurdsøn / Scanpix

Avviser kritikken

 Redaktør i fagbladet Prosa, Karianne Bjellås Gilje, sit i fagjuryen. Ho meiner dette er historiefagleg flisespikkeri.

- Den kritikken stiller eg meg heilt uforståande til. Vi har brukt omgrepet kjelder i opphavsrettsleg tyding. At bøker ikkje er kilder, det blir i tilfelle veldig historiefaglig spissfindig, det er klart at bøker er kilder.

Om det blir Bragepris til denne boka, blir avklart i kveld.

 

 

 

Kulturstrøm

  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters