Hopp til innhold

Året som gjekk i trivselsfylket

Kamp om sjukehus og vegkroner, dramatiske rutineoppdrag i luftspenn og eit årdalssamfunn i motbakke er berre nokre av stikkorda for året som gjekk.

Året som gjekk

2012: Året som gjekk har bydd på mange oppturar og nedturar, både for personar og samfunn.

Foto: Fotomontasje

For vesle Johanne Engeland frå Eid blir langt på veg ståande som sjølve symbolet på at Helse Førde har sett punktum for den store omorganiseringa av sjukehustilbodet i fylket.

Jordmor Liv J. Nesbakk, saman med dei nybakte foreldrene.

SISTE: Jordmor Liv J. Nesbakk med nyfødde Johanne Engeland, flankert av dei stolte foreldra Anne Lise Hildenes og Robert Engeland.

Foto: Stig Høynes

Etter at ortopedien ved Nordfjord sjukehus var lagt ned, kom Johanne til verda som den siste fødde før også fødeavdelinga vart lagt ned.

– Når du får fødslar, så er det ei plussvakt. Det er ein ekstra bonus. Den gleda vil vi ikkje få no, sa jordmor Liv J. Nesbakk til NRK.no.

Helse Førde sette punktum

Det har blåst kraftig kring Helse Førde-leiinga dei siste åra, men i løpet av 2012 har stormen løya noko. Lokalsjukehusforkjemparane har kjempa mange og harde kampar. Berre eit fåtal har ført fram, og endringane har vore store.

Jorunn Ringstad

SLUTT: Styreleiar Jorunn Ringstad konstaterer at tida med omorganisering i Helse Førde er slutt.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Men Helse Førde seier seg nøgde med endringane dei har gjort. Etter at styret for første gong la fram eit budsjett med overskot i haust, uttala styreleiar Jorunn Ringstad:

– Eg trur at vi no kan seie at vi er byrja å finne fram til ei utvikling vi ser kan vare framover utan at vi får dei store omveltingane vidare. Det trur eg kan vere godt for heile organisasjonen, sa ho.

Framleis heit E39

Samstundes som at sjukehusstriden har roa seg, har framtidas trasé for E39 vore ei heit potet i år som i fjor. Med Gloppen, Eid og Stryn som dei argaste partane.

Vegvesenet sa i fjor at dei ynskjer indre trasé, og 2012 var ikkje mange dagar gamalt då fylkespolitikarane tilrådde midtre linje. I haust kom kvalitetssikringa som Finansdepartementet og Samferdsledepartementet bad om på temaet. Den konkluderte med det same.

– Eg trur denne rapporten legg meir vekt på samfunnsnytten. Det var og det vi i fylkestingsfleirtalet la mest vekt på, å binde saman Eid og Gloppen, sa fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp).

– Spektakulært

Siste ord er ikkje sagt i denne saka og alle ventar no på at regjeringa skal legge fram si innstilling til ny Nasjonal Transportplan (NTP) til våren. Her er det venta at dei raudgrøne kjem med sine innspel i debatten.

Samferdsle stod også for ei av årets positive storhending og folkefest i Nordfjord. På begge sider av fylkesgrensa gjekk flagga til topps då Kvivsvegen opna 22. september.

Vegen frå Fyrde til Grodås kortar reiseavstanden mellom Nordfjord og Søre Sunnmøre kraftig og knyter saman ein større bu- og arbeidsmarknadsregion på kring 60.000 innbyggjarar.

– Eg har vore med på mange vegopningar, men ikkje så spektakulære som dette her, sa kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

(Artikkelen held fram under videoen)

Åpning av Kvivsvegen

SJÅ: Kvivsvegen vart opna med brask og bram.

Skulestruktur

Organiseringa av den vidaregåande skulen er eit tema fylkespolitikarane har sett seg nøydde til å sjå på. Både inntektene og elevtalet er venta å gå kraftig ned i tida åra framover, men det var først då Norconsult la fram sine framlegg til organisering at bråket tok til.

Norconsult føresler å leggje ned skular.

VIL KUTTE: Norconsult presenterte sine kuttframlegg under ein pressekonferanse i Førde.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Konsulentverksemda sine ulike modellar inneber å leggje ned mellom tre og sju vidaregåande skular. Noko som fekk både elevar, skular og politi til å engasjere seg. Fylkespolitikarane følgde opp med å be om konsekvensutgreiing for fire modellar.

– Vi risikerer at fleire må flytte på hybel, og dermed eit auke i elevar som fell frå vidaregåande opplæring, sa leiar i Elevorganisasjonen i fylket, Anna Sleppen.

(Artikkelen held fram under videoen)

Rektor ved Stryn vidaregåande reagerer på kuttforslaga.

REAGERER: Rektor Kirsti Horne ved Stryn vidaregåande skule var mellom dei som reagerte sterkt på kuttframlegga til Norconsult.

Tryggare Olden–Innvik

Her kjem det siste elementet på brutårnet til Dalsfjordbrua på plass

PÅ PLASS: Siste element på brutårnet til Dalsfjordbrua blir lagt på plass.

Foto: Arve Uglum (MMS-foto) / NRK

I haust vart det siste betongelementet på toppen av brutårnet på Dalsfjordbrua heist på plass, men mange vil nok hugse debatten som gjekk kring rasfaren på sambandet mellom Fjaler og Askvoll.

Rasfare var også eit heitt tema for innbyggjarane langs Olden–Innvik. Her vart det til slutt gjennomført strakstiltak for å sikre Knarrura for steinsprang. Dei siste åra har det vore fleire steinsprang der, sist i sommar .

Foreldre står rasvakt ved Ugla.

AKSJONERTE: AKSJONERTE: Olav Rune Haugen og Tanja Hage.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

I haust starta foreldra skuleåret med å stå rasvakt for skulebussen . Like etter tok ein til på strakstiltaka som gjer vegen tryggare . I alle fall til ein ny tunnel er på plass.

– Her vil det rase igjen, men vi veit ikkje når. Vi må ha tryggleiken no, sa Tanja Hage.

Nedbemanning i Årdal

Industrikommunen Årdal legg bak seg eit år som i hovudsak har vore prega av tapte arbeidsplassar. Ikkje nok med 32 mista jobben då Dooria vart lagt ned i fjor, har Hydro halde fram med å nedbemanne fabrikken sin.

Norsun og Hydro

DÅRLEGE TIDER: I Årdal har både NorSun og Hydro vore igjennom vanskelege tider.

Foto: Fotomontasje

Solcellefabrikken NorSun har i løpet av året gjennomført fleire permitteringsrundar. Sist i november då alle av deira 220 tilsette i Norge fekk permitteringsvarsel.

– Historia viser at det vil snu og då snur det fort. Så det er om å gjere å halde ut nedgangstida. Vi må stålsette oss, brette opp ermane og komme seg ut av det sjølv om det gjeld Europa og finanskrise, sa ordførar Arild Ingar Lægreid.

Sinne–endå ein gong

Utfordrande har året også vore for partileiar og kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp). Året før Stortingsvalet 2013 har partiet slite med dårlege meiningsmålingar, og endå ein gong har temperamentet hennar stått i fokus.

Liv Signe Navarsete og Sandra Borch

ORSAKING: Liv Signe Navarsete (t.h.) måtte be Sandra Borch om orsaking etter utblåsinga på eit seminar.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Partileiaren som i fjor bad om orsaking etter at ho skjelte ut sjukehusaksjonist Janne Endal Andersson i Eid, måtte på nytt be om orsaking etter at ho skjelte ut ungdomspolitikaren Sandra Borch.

– Det er ingen søndagsskule å vere i politikken. Det har eg visst lenge og alle som er i politikken veit at her er inga nåde. Trør ein feil, som eg gjorde, må ein berre ta følgjene av det. Då lyt ein rydde opp att og finne seg i at det vert stilt spørsmål og laga store overskrifter, sa Navarsete i etterkant.

Rørte det norske folk

Tre kjenslenære saker har også prega mediebiletet både i fylket og på landsbasis. Historia om Emilia Polbratek frå Leikanger rørte folk i heile landet.

Emilia og Natalia Polbratek

SØSTRER: Historia om Emilia og Natalia Polbratek frå Leikanger rørte det norske folk.

Foto: Privat

14-åringen ville gje hennar kreftsjuke veslesøster, Natalia (5), ein så fin som mogeleg siste sommar.

– Det blir nok den viktigaste sommaren som vi opplever. Kvar gong eg ser veslesøster mi danse eller ler, så tenkjer vi kor mange gonger til vi vil få oppleve dette. Er dette siste gongen? Kvar augneblink er veldig viktig, for vi veit ikkje om det er det siste vi får, sa Emilia til NRK.

Christina-saka

Christina Flåten

FEKK HJELP: Christina Flåten.

Foto: privat

I nabokommunen Sogndal fekk leiinga refs frå Fylkesmannen for måten dei har handtert Christina Flåten. Foreldra meinte den funksjonshemma 17-åringen ikkje fekk hjelpa ho trengde, og frykta ho skulle døy.

Saka vakte stort engasjement og etter foreldra sitt ynskje vart ansvaret overført til den private omsorgsverksemda Melås.

– No vonar vi verkeleg at folk tek ansvar og er vaksne og let Christina få den tida ho treng for å bli frisk i systemet til Melås, slo pappa Frank Flåten fast.

Tok sonen med i døden

Ei anna sak som vakte både sorg og engasjement langt utanfor både kommunegrenser og fylkesgrenser, var den tragiske brannen ved asylmottaket på Mølletunet i Førde.

Husbrann i Førde

OMKOM: Både kvinna og son hennar døydde av skadane dei fekk under brannen.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Ei 24 år gamal kvinne tok med seg sin 20 månader gamle son i døden, i fortviling over eigen livssituasjon. Saka sette asylpolitikken endå ein gong på dagsorden.

– Den tragiske brannen i Førde har skaka heile nasjonen. Med rette har reaksjonane nådd heilt inn til sentrale styresmakter. Her i Førde er det svært mange som no sit i sorg og fortviling, sa sokneprest Kåre Knudsen Bratten i minneordet under gravferda 27. januar.

Sportsåret 2012

I Erik Sandal (Hødd) og Siri Nordeide Grønli (Stabæk) fekk Sogn og Fjordane cupmeistrar i fotball. Vi tok farvel med Odd-Bjørn Hjelmeset som langrennsløpar, og såg skiskyttaren Tarjei Bø få sesongen sin spolert av sjukdom.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Rørt Hjelmeset etter 5-mila

SJÅ VIDEO: Det var ein rørt Odd-Bjørn Hjelmeset som avslutta karrieren med femmil i Holmenkollen.

Anders Fannemel

IMPONERTE: Anders Fannemel.

Foto: NTB SCANPIX / Reuters

Volleyballaget til Førde vart hakket for små i høve til Nyborg både i cup og serie, men ein som gjorde det sterkt var Anders Fannemel som for alvor gjorde seg gjeldande som skihoppar.

Honndølen strekte seg til verdas nest lengste hopp då han sveva 244,5 meter på Lillehammer. Internasjonale medaljar vart det også i laghopp under VM.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Fantastisk hopp av Anders Fannemel

SJÅ: Anders Fannemel sette ny personleg rekord med verdas nest lengste hopp.

I tillegg vart han norsk meister både på tampen av førre sesong, samt starten av årets sesong. På toppen av dette vart han kåra til årets skiflygar i verda.

– Det er sjølvsagt veldig kjekt å få ein slik pris. Men det var også uventa med so mange andre knallgode skiflygarar, som Robert Kranjec, sa honndølen.

Sogndal-bragd

Ein kan ikkje oppsummere sportsåret utan å ta med bragda Sogndal Fotball fullførte då dei sytte for eliteseriespel også i 2013 med 2–0 over erkerival Brann i sesongens siste kamp.

Målscorarane Ørjan Hopen og Ulrik Flo.

AVGJORDE: Ørjan Hopen (t.v.) og Ulrik Flo sytte for at Sogndal spelar eliteserie også i 2013.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Jonas Olsson sine nedrykksdømde disiplar opplevde ein skikkeleg «berg- og dalbanesesong», med sølvplass etter sju seriekampar–og påfølgjande formsvikt etter 0–3 for 3. divisjonslaget Florø i cupen.

Før dei sikra dei avgjerande poenga og ein tredje strake eliteseriesesong.

– I kveld blir det ellevilt. Det skal ikkje sparast på krut, sa Ulrik Flo, som saman med Ørjan Hopen sytte for dei avgjerande scoringane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sogndalspelarane takkar publikum.

BRAGD: Sogndal-spelarane og publikum takkar kvarandre for sesongen som gjekk etter at eliteseriekontrakten var sikra.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Kultur i fokus

Sjeldan har vel kunst og kultur stått så mykje i fokus som i 2012. Alle var ikkje like nøgde då fylkesmannen gav løyve til å rive den over 100 år gamle Framfjord talkmølle i Vik.

Runesteinen i Sogndal og steinkrossen i Eivindvik.

KULTURMINNE: Steinkrossen i Eivindvik og Runesteinen i Sogndal stod begge amputerte tilbake etter vedlikehaldsarbeid.

Foto: Fotomontasje

I Sogndal vart ein nær to meter høg, og truleg kring 1500 år gamal, runestein ved Stedje kyrkje øydelagd under brøyting. Like etter vart ein keltisk kross utanfor Eivindvik kyrkjegard gi tapt under trefelling. Krossen vart reist av Olav den heilage i 1023 og hadde overlevd både storm og to verdskrigar.

– Det er kanskje berre flaks at det ikkje skjer oftare, frykta arkeolog og leiar i antikvarisk utval i fylket, Trude Knagenhjelm.

Ny kunststove

Også Sogn og Fjordane kunstmuseum har opplevd eit turbulent år, med kraftig misnøye frå musea. Dei ulike musea som ligg under kunstmuseet opplever publikumsnedgang og gir manglande satsing frå kunstmuseet skulda.

Samstundes opna kunsten i fylket si nye storstove 8. september, då det nye museumsbygget i Førde opna dørene.

Museumsdirektør Morten Johan Svendsen vart rørt då over 1.000 personar tok turen for å få med seg opninga av det kring 3.7000 kvadratmeter store bygget til 93 millionar kroner.

– Vi har fått ei storstove for formidling av kunst i fylket, og denne storstova skal ta oss inn i ei ny tid på dette området, sa fylkesordførar Åshild Kjelsnes

– Eit minne for livet

Sjeldan har vel SFE-montørane fått så mykje merksemd som i år. I løpet av to månader vart Kristoffer Espelund, Kåre Olav Farstad, Terje Midthun og Kåre Haugen landskjendisar då dei ufrivillig måtte vere fleire timar i luftspenn.

(Artikkelen held fram under videoen)

Her firer Kåre Olav Farstad og Kristoffer Espelund seg dei 100 meterane frå arbeidskorga til båtane under høgspentlinja.

SJÅ VIDEO: Her bergar dei seg ned frå høgspentlinja.

Espelund og Farstad måtte begge vere ei natt i arbeidskorga på 1x1 meter 100 meter over Nordfjorden då vogna kilte seg. Etter fleire forsøk med helikopter, firte dei to seg sjølve ned frå korga – på direktesendt radio. Redde vart dei derimot ikkje.

– Dette er eit minne for livet, sa Espelund.

Sette nytt punktum

Til slutt tek vi med nok eit punktum som vart sett i år. For i 40 år har det vore knytt stor uvisse til dei flammande raude lysa som vart skimta over Sognefjorden i 1972. På den tida gjekk føre seg det ei intens jakt etter ubåt i fjorden, og heile verdas auge var retta mot fylket.

Leiting etter ubåt i Sognefjorden i 1972

JAKT: 1972 vart prega av ubåtjakta i Sognefjorden.

Foto: Arkivfoto: NRK

Mange har trudd at dei raude lysa var signal frå ein framand ubåt til folk på land. I slutten av november tok Per Henjum bladet frå munnen og forklarte lysa.

– Desse fem raude rakettane, dei veit eg om. Vi testa ut bilane våre, og hadde med oss ein mauser og sporlys. Vi sendte no opp eit magasin der oppe, det var berre for moroskuld, sa han.

Krimåret 2012

Elling Krogen og Bjarte Aasen i utrykningspatruljen i Nordfjord.

PATRULJE: Elling Krogen og Bjarte Aasen har skrive ut over 1.000 bøter langs vegane.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

På krimfronten er Sogn og Fjordane framleis trygt fylke, og ei ny utrykkingspatrulje i Nordfjord ser ut til å prege trafikkbiletet i mange, mange år framover etter eit hektisk år.

Men trenden med stadig fleire narkobeslag ser ut til å halde fram. Politiet har rulla opp fleire store narkotikasaker i året som gjekk i alle dei tre regionane.

Mellom anna har ein person sete varetektsfengsla sidan juni i ei større narkotikasak i Sunnfjord, i Sogn vart nær 30 personar pågripne under ei opprulling der og i Gloppen rulla politiet opp ei narkotikasak med 40 involverte personar.

Det kanskje flest vil hugse frå «krimåret» var noko så sjeldan som eit ransforsøk av Spar-butikken i Bygstad i midten av september. Ein mann i 60-åra vart stogga av kundar og butikkinnehavaren, og har sidan sete varetektsfengsla. Saka skal opp i Fjordane tingrett over nyttår.

En Spar butikk i Bygstad ble forsøkt ranet med hagle.

SJÅ VIDEO: Ran i Bygstad.