KLAR FOR VEGFEST: Kommunalminister Liv Signe Navarsete hadde pynta seg med Sognebunad.
KORTESJE: Omlag 100 veteranbilar køyrde gjennom tunnelen.
HØGRETOPP: Erna Solberg fekk også oppleve vegopning og folkefest. Ho er på besøk i Nordfjord i helga.
MANGE FRAMØTTE: Mange glade menneske hadde møtte opp for å oppleve folkefesten.
GOD UTSIKT: Er ein liten, er det godt å komme opp i høgda for å sjå kva som skjer.
MYKJE FOLK: Omlag 4000 personar kom til vegopninga inne i tunnelen.
STASELEG BIL: Denne flotte bilen fekk Liv Signe Navarsete sitte på i.
UNDERHALDNING: Korpset var sjølvsagt på plass.
SKAR SNORA: Kommunalminister Liv Signe Navarsete hadde fått æra av å opnar Kvivsvegen. Snora blei kutta med ein ljå frå Hornindal.
VEGTALE: Ei strålande opplagt Liv Signe heldt ein god tale, som dei publikum sette pris på.
UNDERHALDNING: Ei jazzgruppe frå Volda underheldt publikum.
GLEDDE SEG: Fylkesordførar Jon Aasen i Møre og Romsdal, kommunalminister Liv Signe Navarsete og fylkesordførar Åshild Kjelsnes frå Sogn og Fjordane gler seg over den nye vegen.
UNDERHALDNING: Ei gruppe frå Hornindal song og spelte på lur og fele.
STORT OPPMØTE: Mange hadde møtt fram for å vere med på opninga av den etterlengta vegen.
I VETERANBIL: Høgreleiar Erna Solberg var på besøk i Hornindal og fekk med seg opninga, saman med Bjørn Lødemel som er tidlegare ordførar i kommunen.
KORTESJE: Omlag 100 veteranbilar køyrde gjennom tunnelen på den nye vegen.
TYKKJER DET ER STORT: Marit Førde Lødemel er i tunnelen saman med familien sin. Ho seier det er ei ny verd som opnar seg.
HAR VENTA LENGE: Magnar og Kari Bjørkedal har gledd seg lenge til denne dagen.
27 trailarar passerte gjennom Grodås med tuting og styr. Folk applauderte og kosa seg i finveret.