Hopp til innhold

Solcellefabrikken NorSun sender på ny ut permitteringsvarsel til tilsette

Solcellefabrikken NorSun har på ny sendt ut permitteringsvarsel til alle sine tilsette. 200 tilsette i Årdal går dermed ei usikker tid i møte.

Norsun på Årdalstangen

PERMITTERINGSVARSEL: Alle dei 200 tilsette på solcellefabrikken i Årdal har fått permitteringsvarsel.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Personaldirektør Jo Døhl i NorSun stadfestar overfor NRK.no torsdag føremiddag at selskapet har sendt ut permitteringsvarsel til alle sine 220 tilsette i Norge. 200 av desse jobbar ved fabrikken i Årdal.

Han seier selskapet har fleire utfordringar og at dei no må ta grep.

– Vi må redusere vår risiko og sender ut eit permitteringsvarsel, seier Døhl.

Har nyleg sagt opp 40 tilsette

Solcelleindustrien har ikkje blitt så stor som ein hadde håpa på. Marknaden er krevjande og i august slo leiinga i REC dotterselskapet Rec Wafer Norway konkurs.

Også NorSun har måtte gjere grep for å klare seg. I byrjinga av september fekk alle dei tilsette i Årdal permitteringsvarsel, og i slutten av månaden sa dei opp 33 tilsette ved fabrikken i Sogn.

– Vi ser ein heilt annan marknadssituasjon inn mot 2013 enn det vi hadde venta tidlegare, og det som organisasjonen var bygd opp mot. Vi må tilpasse vår organisasjon til eit lågare prisnivå, sa administrerande direktør Bjørn-Olav Brelin til NRK.no den gong.

Fleire grunnar

Og utfordringane verkar stå i kø for solcelleprodusenten. Døhl seier det er to årsaker som gjer at dei no må sende ut permitteringsvarsel til alle sine tilsette.

– Den eine er at vi har hatt ei vesentleg forseinking i høve eitt nytt produkt hos ein av våre store kundar i USA, seier han. Dette handlar om manglande godkjenning av produktet.

– Den andre er at solmarknaden er blitt veldig anstrengt og kortsiktig, seier personaldirektøren.

Døhl forklarar at dette kan føre til at fabrikken ein periode vil måtte redusere produksjonen.

Alle kan bli permitterte

Døhl seier NorSun no jobbar for å redusere omfanget av desse to utfordringane, og at dei har ein veldig positiv dialog med kundane.

Han seier det som mest truleg vil skje er at dei får ein liten periode, på ei til to veker i starten av 2013, der dei må redusere produksjonsvolumet.

– Skulle vi stå overfor den usannsynlege situasjonen at vi får eit langvarig bortfall i 2013, så permitterer vi alle, utanom ei lita gruppe som vi treng for å halde selskapet gåande.

– Men dette reknar vi som veldig usannsynleg, held han fram.

Døhl seier selskapet no skal diskutere situasjonen med dei tillitsvalde og vil no ikkje seie noko konkret om kor mange som faktisk blir permitterte, eller kor tid dette vil skje.