Hopp til innhold

Sjå Kvivsvegen for første gong

Først 22. september er det offisiell opning av Kvivsvegen, som skal binde saman Nordfjord og Sunnmøre. Men allereie no kan du «køyre» vegen på NRK.no.

Er du spent på korleis den mykje omtala Kvivsvegen ser ut når den no står ferdig etter tre år og halvt år med anleggsverksemd?

Set deg ned framfor skjermen din og ta ein smugkikk her på NRK.no.

NRK Sogn og Fjordane festa eit kamera på bilen, og filma heile vegen frå Fyrde på Sunnmøre til Grodås i Nordfjord.

Kvivsvegen skal knyte saman Søre Sunnmøre og Nordfjord til ein større bu- og arbeidsmarknadsregion på om lag 60.000 innbyggjarar. Vegen opnar også for eit nytt samband mellom Sunnmøre og Austlandet.

Statens vegvesen starta å byggje den 17.210 meter lange vegen 22. januar 2009, og den har ifølgje Vegvesenet ein totalkostnad på 1,04 milliardar kroner.

Du finn fleire minutt for minutt-filmar frå Sogn og Fjordane her.