Hopp til innhold

Hopen og Flo berga Sogndal

– I kveld blir det ellevilt. Det skal ikkje sparast på krut. Det blir «botn pine», jublar Ulrik Flo etter å ha sikra Sogndal fornya eliteseriekontrakt.

Målscorarane Ørjan Hopen og Ulrik Flo.

JUBEL: Ørjan Hopen blir tiljubla av ein annan målscorar, Ulrik Flo, etter 2-0-scoringa.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Flo var først på returen då Jørgen Aarre Mohus redda Malick Mane sitt forsøk like før pause.

Då Ørjan Hopen dunka inn 2–0 sju minutt før slutt, var kontrakten sikra.

– Ufatteleg herleg, jublar Hopen.

(Artikkelen held fram under videoen)

Mange glade Sogndal-spelarar og trenarar møtte pressa etter at Sogndal berga plassen etter 2-0 over Brann.

GOD STEMNING: Mange glade Sogndal-spelarar møtte pressa etter at plassen i Eliteserien var berga. (Foto: Oddleif Løset)

Praktscoring

Brann kom til Fosshaugane utan ei rekkje faste spelarar, og stilte med eit ungt lag. Dei første 20 minutta var det lite som vitna om eit heimelag i poengnaud, og på desperat jakt etter poenga som sikrar eliteseriespel 2013.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ørjan Hopen jublar over 2-0-scoringa mot Brann.

SPIKAREN: Ørjan Hopen har nett sett inn 2–0 mot Brann og spring rett mot Saftkokaradn.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Så snudde det. Og like før pause sendte Flo Fosshaugane til himmels. Ein svært livleg og god Malick Mane dribla seg inn i feltet, og avslutta.

Malick Mane

OVERALT: Malick Mane leverte ein god kamp i Sogndal-trøya.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Eg tenkte å berre vere først på ballen. Det har jo vore litt typisk meg denne sesongen. Eg har hatt litt goalgetter instinkt. Og eg vart først på den. Det var utruleg herleg, gliser Sogndal sin toppscorar.

– Og så bikka du ti mål?

– Det er betre med tosifra enn einsifra.

– Berre å kline til

– Det letta vel 40 kilo frå skuldrene mine. Heilt utruleg herleg. Sjølv om det var eit dritmål, så betydde det ingenting. Det var det mest fantastiske målet eg nokon gong har sett, ler Henrik Furebotn om toppscoraren si viktige nettkjenning.

Furebotn var sjølv medverkande då Hopen dobla leiinga like før slutt. Pasningen hamna i beina på Malick Mane som storma oppover venstrekanten og drog seg i kjent stil innover før han klinka til.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ulrik Flo jublar

JUBEL: Ulrik Flo (nummer 8) går rett ned på kne etter at Sogndal har slått Brann.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Ballen gjekk via Brann-kaptein Simen Wanberg til Hopen, som visste nøyaktig kva han skulle gjere.

– Det gjer eg alltid. Det var det berre å kline til, gliser Hopen.

– Då kunne eg byrje å sleppe gleda laus, seier Flo.

– Då var det gjort. Vi kunne senka smuldrande, seier Hopen som dermed avslutta sesongen som han starta. Også borte mot Odd Grenland vart det scoring.

Sogndalspelarane takkar publikum.

JUBEL: Sogndal sløkte Brann og berga eliteseriekontrakten. Unødig å seie, spelarane vart tiljubla av nær alle av dei 5.207 tilskodarane.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det har vore ein litt «bobob»-sesong i høve til fjorårets sesong. Det har vore ein liten nedtur, så då var det godt å få den i siste matchen, held Hopen fram.

Jonas Olsson var sjølvsagt ein nøgd Sogndal-trenar etter kampen.

– Det er fantastisk at vi får spele Eliteserie neste år også, gliser han.

– Solid kamp

Det unge Brann-laget skapte frykteleg lite på Fosshaugane, men kunne etter 53 minutt fått utteljing på Bård Finne si avslutning.

Diverre for gjestene gjekk ballen rett i klypene på Kenneth Udjus, som takka heimepublikumet med å halde nullen før han reiser til Åråsen og Lillestrøm.

(Artikkelen held fram under videoen)

Brann-trenar Rune Skarsfjord blir intervjua av Oddgeir Øystese.

AVSLUTTA: I intervju med NRK og Oddgeir Øystese (t.v.) oppsummerer Brann-trenar Rune Skarsfjord 2012-sesongen. (Foto: Oddleif Løset)

– Vi gjer ein veldig solid kamp. Dei har trykk på oss dei første 20 minutta, men så tek vi meir og meir over. Vi skaper ikkje så mykje vi heller, men får måla vi treng, seier Furebotn. Også han etter sin førebels siste kamp for dei svartkvite.

Viktig Flo-scoring

Då også Sandnes Ulf, Hønefoss og Fredrikstad tapte sine kampar, klatra Sogndal frå kvalifiseringsplass til 12. plass. Dermed må sandnesgaukane ut i kvalifisering mot Ullensaker/Kisa, medan Fredrikstad og Stabæk må ned ein divisjon.

Olsson meiner Flo si scoring var utruleg viktig for Sogndal.

– Dels for oss, men også for konkurrentane våre når dei ser at vi har teke leiinga. Det set grillar i hovudet på motstandarane på andre arenaer, seier han.

Stolt Bakke

For tre av spelarane var det ein svært spesiell kamp å avgjere det heile på. Azar Karadas, Kenneth Udjus og Eirik Bakke har alle spelt for Brann.

Bakke var stolt over å vere Sogndal-spelar etter kampen.

– Eg hadde ei kjensle av at dette skulle gå vegen. Alt låg til rette for det. Brann hadde ein del unggutar, som ikkje har spelt så mykje før. Vi hadde litt fleire med hår på brystet utpå der som ville vinne. Eg hadde den gode trua, gliser Bakke.

PS! Sogndal reiste rett frå garderoben til Quality Sogndal Hotell for å feire eliteseriespel også neste år.

Bataljonen på Fosshaugane

NEDRYKKSFEST: Bataljonen kom til Sogndal for å feire nedrykksfest. Den fekk dei aldri.

Foto: Oddleif Løset / NRK