Hopp til innhold

Folkefest då Kvivsvegen opna

Laurdag blei den nye Kvivsvegen opna. Mange tusen hadde møtt fram til det som blei ein folkefest midt inne i ein tunnel.

Folk i bygdene hadde heisa flagga i det flotte haustvêret og mange hadde pynta seg i bunad og dress.

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete fekk æra av å opna vegen. Sjølve opninga skjedde på fylkesgrensa mellom Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane, om lag midt inne i den 6,5 kilometer lange Kvivstunnelen. Også tunnelen var pynta, med flott lyssetjing på tunnelveggane og i taket.

Ferjefri strekning

Den etterlengta vegen er ein milepæl og knyter saman dei to fylka på ein ny måte. Mellom anna blir E39 ferjefri frå Lote i Sogn og Fjordane til Festøya i Møre og Romsdal.

Så mange som 4000 personar kan ha vore inne i tunnelen under opninga som starta klokka 12 i dag. Folk i alle aldrar hadde møtt fram for å få med seg opninga. Det var kulturinnslag frå både Volda og Hornindal.

Mykje latter og glede

Prosjektleiar for vegen, Oddbjørn Pladsen, presenterte i dag dei ulike innslaga under opninga. Allereie då ha presenterte seg braut det ut spontan jubel og applaus, så det var tydeleg at folk sette pris på jobben som var gjort.

Det blei også mykje latter då han fortalde om korleis folk skulle ta seg ut av tunnelen dersom det oppstod ein krisesituasjon under opninga.

– Gå mot Volda, for det er der den friske lufta er. Den forureina lufta går mot Hornindal, sa han og viste til korleis luftekanalane verkar.

(Artikkelen held fram under videoen)

Åpning av Kvivsvegen

SJÅ VIDEO: Slik var opninga av Kvivsvegen.

Navarsete skrytte av opninga

Ei opplagt og bunadskledd Liv Signe Navarsete skar av snora med ein ljå frå Hornindal. Ordførarane i Hornindal og Volda heldt snora saman med dei to fylkesordførarane medan Navarsete kutta den i to.

I talen sin la ho vekt på kva vegen betyr for den regionale utviklinga i området.

– Vegen er også viktig fordi reisetida mellom Søre Sunnmøre og Austlandet blir 40 minutt kortare, sa ho.

(Artikkelen held fram under videoen)

Det var reine 17.mai-stemning då den etterlengta Kvivsvegen vart opna av Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete midt i Kvivstunnelen.

FOLKEFEST: Endeleg blei den etterlengta vegen opna.

Det var stor stemning og til tider trampeklapp då Navarsete heldt talen sin. Ho skrytte av arrangementet og sa at slike opningar er noko ho saknar frå tida som samferdslepolitikar.

– Det å få sjå noko som er så handfast som ei vegopning, er veldig kjekt.

– Eg har vore med på mange vegopningar, men ikkje så spektakulære som dette her.

Etter at snora var kutta, blei det spelt og sunge «Ja, vi elskar». Ei lang kortesje med om lag 100 veteranbilar, bussar og lastebilar køyrde deretter gjennom tunnelen.

(Artikkelen held fram under videoen)

Navarsete kommenterer åpningen av Kvivsvegen

SJÅ VIDEO: Liv Signe Navarsete seier det var ei eventyrleg opning.


Enklare å ta seg fram

No når Kvivsvegen er opna, blir det 30 kilometer kortare å køyre mellom Grodås og Volda. Vegen opnar også for eit nytt aust-vestsamband mellom Søre Sunnmøre og Austlandet via riksveg 15 over Strynefjellet.

Det blir også nye moglegheiter for dei som bur i Volda og Hornindal.
NRK-reporter Bård Siem snakka med to småjenter frå Hornindal som no fortalde at dei no kunne byrje på dans i Volda. Og idrettsmiljøet i Volda vurderer å leige den nye fleirbrukshallen i Hornindal no når kommunikasjonen har blitt enklare.

Anleggsarbeidet på vegen starta i 2009, og no står den altså ferdig, to månader før planen. Kvivsvegen har kosta om lag ein milliard kroner.

Kvivsvegen kart