Hopp til innhold

- Eit minne for livet

– Det var ikkje noko alternativ, me måtte berre klatre ned, seier Kristoffer Espelund etter eit døgn nesten 100 meter over Nordfjorden.

Kåre Olav Farstad og Kristoffer Espelund

- EIT MINNE FOR LIVET: Det seier Kristoffer Espelund (t.h.) om overnattinga nesten 100 meter over Nordfjorden. Saman med Kåre Olav Farstad møtte han pressa i dag.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Kåre Olav Farstad og Kristoffer Espelund

MØTTE PRESSA: Kåre Olav Farstad (t.v.) og Kristoffer Espelund møtte i dag pressa etter å ha tilbrakt eit døgn i ei vogn nesten 100 meter over Nordfjorden.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Det blåste heile tida, og regna. Det var vått og surt, seier Kåre Olav Farstad. Han var ein av dei to som sat i vogna som svinga fram og tilbake over Nordfjorden.

– Det var heldigvis mørkt, så det fekk ikkje me med oss, fortel han.

– Plutseleg stopp

I dag møtte dei to pressa etter sitt noko spesielle døgn. Dei to skulle montere flymarkørar på fjordspennet over Nordfjorden, og hadde fått montert ferdig dei som skulle monterast måndag. Så byrja det som har gjort dei to til kjendisar over natta.

– Me har ein motor som me køyrer når me skal utover. Så står det ein kar på bakken med ein vinsj som hjelper oss inn att. Men då var det plutseleg stopp, seier 18 år gamle Espelund.

– Då tenkte eg oi! Me hadde med oss ei naudløysing som me prøvde, men den fungerte ikkje. Så då forstod eg at her blir me verande til nokon kjem og hentar oss, legg kollega Farstad til.

– Ikkje komfortabelt

Då var klokka passert 18 måndag kveld. Og det skulle ta tid før dei kunne setje beina på bakken igjen. Fyrst måtte dei to kome seg gjennom natta på halvannan kvadratmeter .

– Me hadde det ikkje komfortabelt. Me bytta på kven som fekk sitje. Den eine kunne sitje på korgbotnen, medan den andre stod ved sidan av, seier Espelund.

– Føtene somna etter ei lita stund, så det var ikkje lenge me kunne sitje før me måtte opp og strekkje på oss, seier Farstad.

Såg helikopteret gje opp

Nedfiring frå korga over Nordfjorden

NEDFIRING: Dei to vart fira ned nesten 100 meter etter å ha overnatta på halvanna kvadratmeter.

Foto: Øystein Torheim
Kåre Olav Farstad og Kristoffer Espelund

OMTALT DUO: Kåre Olav Farstad og Kristoffer Espelund har vore i mange aviser siste døgna.

Foto: Birger Meland / NRK

Dei to måtte sjå redningshelikopteret gjere fleire forsøk på å redde dei ned. Men kabelen dei to hang i var nokre meter lågare enn den andre, og helikopteret kom seg ikkje nær nok til å kunne hjelpe.

Til slutt måtte dei to fire seg ned frå vogna . Slitne vart dei frakta i land , og har fått god hjelp etter opphaldet.

Har ikkje teke skrekken

– Eg var aldri redd for å dette ned, for ein veit at kabelen held. Den skal halde det meste, seier Espelund.

No forsikrar han om at han ikkje har teke skrekken. Både han og kollega Farstad skal tilbake, og vil jobbe med liknande fjordspenn også seinare.

– Nei, det var min tur no, så får eg håpe det går betre alle andre gonger, seier Farstad til NRK.

Stor medieomtale

Etter den noko uvanlege overnattinga har dei to vore omtala i mange norske medier, og også i ei engelsk avis. Noko som kanskje gjer det endå enklare for dei å hugse dette.

– Dette er eit minne for livet, seier Espelund.

– Ja, dette hugsar ein, skyt Farstad inn.