Hopp til innhold

Døydde i brann - gravlagd i dag

Den 24 år gamle kvinne som døydde i brannen i Førde, blei i ettermiddag gravlagd i Førde kyrkje.

Gravferd i Førde kyrkje

GRAVFERD: Kring 80 personar følgde den 24 år gamle kvinna til sin siste kvilestad ved Førde kyrkje.

Foto: Håvard Holme / NRK

Kvinna frå Sri Lanka og hennar 20 månader gamle son døydde som følgje av skadane dei fekk i brannen førre måndag.

Bror hennar var mellom dei kring 80 som i Førde kyrkje følgde henne til sin siste kvilestad. Gravferdsgudstenesta vart halden av sokneprest Kåre Knudsen Bratten.

– Den tragiske brannen i Førde har skaka heile nasjonen. Med rette har reaksjonane nådd heilt inn til sentrale styresmakter. Her i Førde er det svært mange som no sit i sorg og fortviling, sa Knudsen Bratten i minneordet.

– Klaga aldri

Den 24 år gamle kvinna kom til Norge i 2006 som flyktning frå Tamiltigrane og eit krigsråka heimland. Det skulle gå over fem år før ho fekk endeleg avslag på asylsøknaden. Ho skulle vore ute av Norge 10. januar. Ei avgjerd som vart anka veka før dødsbrannen .

Berre ei veke før avslaget, vart syster hennar funnen død i sin eigen heim på Sri Lanka. Dødsfallet blir etterforska som drap.

Advokat Kristine Aarre Hånes skildra ei kvinne som aldri klaga eller plaga andre med sine problem.

– Livet hennar vart noko heilt anna enn det ho ynskte seg. Før jul ebba livsgleda ut. Til slutt klarde ho ikkje meir, sa ho i talen sin.

– Kjenner på skam

Kvinna var den eldste i søskenflokken på fem. Ho vaks opp i Jaffna og vart allereie som 16-åring verva som barnesoldat hos Tamiltigrane.

Då mor hennar døydde året etter ynskte ho ikkje lenger å halde fram som soldat. Ho vart rekna som desertør og måtte leve i skjul.

Etter ei vanskeleg tid i Bergen, fekk kvinna håp om ei ny og betre tid då ho flytta til Førde og møtte kjærleiken. Ikkje minst til sonen som kom til verda i 2010.

– Nokre av oss kan heller ikkje unngå å kjenna på skam, skam på vegner av nasjonen, samfunnet vårt og fellesskapa våre, når vi er vitne til dei mange sørgjelege enkeltlagnader som råkar fleire av dei som søkjer asyl her i vårt land, sa Knudsen Bratten.

Helste broren

Politiet meiner kvinna sjølv starta brannen som til slutt kravde hennar og son hennar sitt liv. Den vesle guten vart gravlagd etter islamsk skikk førre fredag.

Ei pengeinnsamling sytte for at kvinna sin eitt år yngre bror fekk kome til Norge og ta eit siste farvel. I alt har eit stort tal private og verksemder bidrege med over 24 000 kroner.

– Vi veit at det er vondt for deg å kome i eit slikt ærend. Vi vil uttrykkje vår medkjensle, og at du tek med våre helsingar til familien på Sri Lanka, sa sokneprest Bratten