Hopp til innhold

Her ordnar dei opp - dagen etter utskjelling

I går vart Liv Signe Navarsete vippa av pinnen av sjukehusaksjonist Janne Endal Andersson. I dag tok dei kvarandre i handa og gav kvarandre ein klem.

Video Sjukehusaksjonist møter Liv Signe Navarsete etter utskjelling

NETT-TV: Her møtast dei igjen - dagen etter ampert møte.

I går gjekk det heitt for seg på Nordfjordeid. For då Sp-leiar Liv Signe Navarsete var på veg til eit lukka møte i Sogn og Fjordane Senterparti, vart ho møtt av illsine sjukehusaksjonistar i korridorane.

Klem, smil og varme ord

Sjukehusforkjempar Janne Endal Andersson skulda Navarsete for å drive med distriktsnedbygging etter regjeringa sitt vedtak om å leggje ned fødeavdelinga på Nordfjord sjukehus. Då svarte Navarsete med krasse ord og utskjelling av sjukehusaksjonisten.

I dag møtte dei kvarandre igjen, på Skei i Jølster, og stemninga var langt hygglegare i dag enn i går. Her var det både klemming, smil og varme ord.

– I går viste du meg i alle fall at du er heilhjarta i det du gjer. Eg prøver å se det positive i dette. I går viste du meg at du er heilhjarta engasjert, seier Endal Andersson til NRK.no.

– Du kom ikkje med noko kynisk manus då du møtte oss, men snakka heller rett frå hjartet. Og det tykkjer eg faktisk er veldig bra. Det viser engasjementet ditt, seier sjukehusaksjonisten.

Video Liv Signe Navarsete blir sint

SJÅ UTBROTET: Onsdag kveld var tonen ein annan.

Navarsete: – Storsinna dame

Sp-leiar Liv Signe Navarsete har lagt seg flat etter utbrotet mot sjukehusaksjonisten.

Navarsete ringte Endal Andersson i går kveld og ba om orsaking for utbrotet, men dei valde likevel å møte kvarandre i dag. Navarsete ringte også til ei rekkje journalistar i går, og sa at ho ville be om orsaking for utskjellinga.

– Eg set pris på at du er ei storsinna dame, sa Navarsete til Endal Andersson i dag.

– Alle som kjenner meg veit at eg er eit engasjert menneske, og det engasjementet har eg med meg også som politikar. Eg vart såra over påstandane om at vi byggjer ned distrikta. Ein slik påstand var sårande, seier Navarsete.

NETT-TV: Navarsete dagen derpå

Video Liv Signe Navarsete dagen etter utskjelling

NETT-TV: Navarsete dagen derpå.