Hopp til innhold

Og vips var Hjelmeset sitt siste løp som toppløpar over

Han kom ikkje først til mål, Odd-Bjørn Hjelmeset. Men han vart truleg den som mottok mest hyllest langs femmilløypa i holmenkollen.

Video Oddbjørn Hjelmeseth avluttet med stil

Oddbjørn Hjelmeset avluttet med stil

Femmila i Kollen skulle markere avskjeden med ein av dei største profilane som norsk herrelangrenn har hatt gjennom mange år. 19 år etter at han gjekk sitt aller første verdscuprenn, gjekk han også sitt aller siste.

Men han hadde aldri sjansen til å halde tritt med dei som gjekk aller fremst. Allereie etter to mil hadde 40-åringen hamna langt bak hovudfeltet.

Jubla for hurra-guten

Det la derimot ikkje nokon dempar på stemninga blant publikum ute i løypa.

Hjelmeset gledde seg på førehand stort til å gå rennet, og meinte han var greitt førebudd.

– Det får eg håpe, no er det iallfall for seint å snu. Eg har prøvd å ta meg i hop og trent dei siste vekene, og så brukar eg den siste veka til å samle overskot. Eg gler meg iallfall veldig, og eg håpar det blir fint vêr og gode tilhøve i Holmenskollen, sa Hjelmeset til NRK.no førre veke.

Eldar Rønning spurslo Dario Cologna med eit naudskrik. Hjelmeset kom i mål ni minuttar bak Rønning.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video - Det var mange nakne damer oppi bakkene med navnet mitt på

Hjelmeset: - Det var mange nakne damer oppi bakkene med navnet mitt på

Slo gjennom i Birken

Hjelmeset slo verkeleg gjennom då han vann Birkebeinarrennet i 992. Han tok sin første verdscupsiger i 1999, og har fem VM-gull på stafett.

Han har eitt individuelt meisterskapsgull frå femmila i Sapporo i 2007.