Hopp til innhold

Forlenga varetekt for ranssikta

Mannen i 60-åra som er sikta for ranet i Bygstad i midten av september er i dag blitt varetektsfengsla for ni nye veker.

Bygstad

RANSFORSØK: Ein mann i 60-åra er sett under tiltale etter at han i september i år prøvde å rane Spar-butikken i Bygstad.

Foto: Johan Moen

Det er Fjordane tingrett som i eit fengslingsmøte i dag har avgjort at mannen skal sete fengsla fram til hovudforhandlinga 21. januar neste år, fortel aktor Anette Stegegjerdet Norberg til NRK.no torsdag ettermiddag.

Mannen er sikta for å ha rana Spar-butikken i Bygstad på kvelden den 14. september. Han har sidan sete i varetekt og må no altså sitje der til saka skal opp for retten på nyåret.

Rettssaka vart utsett

Saka skulle eigentleg opp for retten denne veka, men vart etter ønskje frå forsvararen utsett. Forsvarar Stig Nybø seier til avisa Firda at han vil ha nye undersøkingar av den sikta.

– Vi har bede om at saka vert utsett på grunn av at tiltalte må undersøkjast nærare, seier Nybø til avisa.

Politiet meiner ranet var nøye planlagt, men forsvararen vil no ha nye undersøkingar for å finne forklaringane på kvifor mannen handla som han gjorde.

– Det fins fleire forklaringar handlingane kan komme av, og dei skal no undersøkjast. Han avslutta mellom anna bruk av tablettar like i forkant av ranet. I tillegg skal han ha hatt frontallappsdemens eller ein kombinasjon av desse to, seier Nybø til Firda.

– Det vil krenkje rettskjensla

Mannen som er sikta i saka skal ha oppsøkt Spar-butikken i Bygstad, maskert med eit putevar over ansiktet. Utrusta med hagle og patronbelte bad han ein butikktilsett om å gje han pengane.

Aktor Anette Stegegjerdet Nordberg seier dette om bakgrunnen for forlenginga av varetektsfengslinga.

– Sjølv om det no skal gjennomførast ein fullstendig observasjon opp mot kor vidt han er tilrekneleg eller ikkje, så endrar ikkje det vårt syn på om at han må straffast for ranet, seier ho.

– No får ein ta den gjennomgangen, men saka elles vil stå i same stilling fram til rapporten frå dei sakkunnige ligg føre før hovudforhandlinga.

Ho seier vidare at det å sleppe fri mannen no ville ha krenkja ålmenta.

– Det vil krenkje den ålmenne rettskjensla viss han skal vere på frifot. Han har tilknyting ti Bygstad og ville mest truleg ha reist tilbake dit dersom han vart sleppt fri, seier aktoren.

– Eg meiner at både i forhold til sakens alvor og den medieomtalen saka har fått denne veka, gjer til at det vil vere krenkjande for ålmenta om han skal vere ute, seier Stegegjerdet Nordberg.

Ankar avgjerda

Mannen sin forsvarar, Stig Nybø, seier til NRK.no at dei kjem til å anke avgjerda til Gulating lagmannsrett.

– Vi kjem til å anke fortløpande. Dette er ei feil avgjerd.

– Vi meiner det ikkje finst subjektive vilkår for skyld, det vil seie av mannen sjølv ikkje forstår kvifor han gjorde det, seier Nybø til NRK.no.

Nybø er også usamd i påtalemakta sine argument om at den ålmente rettskjensla vil bli krenka dersom han vert slept fri.

– Eg har vanskeleg for å tru at folk i Bygstad vert støtt dersom han vert slept fri frå varetekt. Ein eller annan gong må han få kome ut, seier Nybø.