Hopp til innhold

Underskot for Moldejazz

Jazzfestivalen i Molde gjekk i fjor med eit underskot på nær 1,8 millionar kroner, det viser den førebelse rekneskapen.

Dagleg leiar, Hans Olav Solli, om underskotet.

I eit brev til Kulturdepartementet skriv jazzfestivalen at eigenkapitalen er brukt opp.

Les heile brevet her.

Svikt i billettsalet på nær ein million kroner, kombinert med overskridingar i artisthonorar er årsaka til det store underskotet for Molde Internasjonale Jazzfestival.

– Festivalbransjen er ein tøff bransje og her oppdaga vi kostnadar på artistsida som vi ikkje var heilt klar over, og så var ikkje inntektene på billettsida slik som vi ynskja. Då er det klart at det bli underskot, seier Hans Olav Solli, dagleg leiar i Jazzfestivalen.

Skal reise «kjerringa»

Solli garanterer likevel at det blir festival i 2015 trass i det store underskotet.

– Vi satsar vidare mot 2015, og jobbar godt og målretta mot årets festival. Vi har allereie sett i gong tiltak for å spare pengar, seier han.

Han er sikker på at dei skal få festivalen tilbake på beina.

– Vi vil reise «kjerringa», både med programmet vi legger og med innstrammingar, seier Solli.

I brevet står det at festivalen også må ta ein avsetning og eit tap. Det siste er i forhold til det heileigde dotterselskapet Molde Forum AS som står for den tekniske produksjonen på festivalen. Dette vil også gi eit negativt utslag på årets resultat, skriv Moldejazz.

Styret for Jazzfestivalen ber no om eit møte med kulturdepartementet for å drøfte situasjonen.

Leiinga i festivalen har likevel tiltru til at dei skal greie å kome på riktig kurs. I brevet til departementet skriv dei at festivalen har laga ein plan for driftsfinansiering og styrking av eigenkapitalen, og at dei vil informere ytterlegare om desse forholda under møtet med kulturdepartementet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL