Hopp til innhold

Årets Moldejazz klarte brasane

Trass i dystre spådommar, og vêrgudar som heller ikkje under årets Moldejazz har spelt heilt på lag, går festivalen likevel i null. Totalt 22.000 billettar er selde.

Publikum under Moldejazz

Årets Moldejazz trakk nok publikum til at festivalen gjekk i null. Det gledar avtroppande festivalsjef Jan Ole Otnæs og styreleiar Ingrid Kvande, som i føremiddag la fram tala under eit pressemøte i Molde.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

I forkant av og under årets Molde International Jazz Festival, eller Moldejazz, har mykje av merksemda dreia seg kring korleis knutepunkt-festivalen skal unngå å gå med underskot.

I fjor gjekk nemleg festivalen med dundrande underskot, og for å dekkje inn tapet måtte ein til med sparemidlar frå tidlegare år. Det dårlege vêret fekk skulda.

Godt billettsal blei redninga

Under årets festival var det også mindre bra vêr.

Torsdag var det likevel opplett, då 6.000 frammøtte ved utescena på Romsdalsmuseet fekk sjå eit fyrverkeri av ein konsert, frå den amerikanske soulartisten John Legend.

JOTNES

Avtroppande festivalsjef Jan Ole Otnæs, kunne til trass for dystre spådommar melde om gode tal for årets Moldejazz.

Foto: Erik Hattrem

Under ein pressekonferanse i dag, kan styreleiar Ingrid Kvande og avtroppande festivalsjef Jan Ole Otnæs melde at årets versjon akkurat vil klare seg, utan underskot.

– Vi har selt 22.000 billettar, og med ein dag igjen med aktivitetar, ser det ut til at vi akkurat klarer oss, seier styreleiar Ingrid Kvande.

Matsalet under årets festival gjekk spesielt tidleg i festivalveka dårlegare samanlikna med budsjettet, men tok seg opp igjen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL