Hopp til innhold

Her er det eldste språkmuseet i verda

Direktøren ved Ivar Aasen-tunet i Ørsta har kartlagt språkmuseum verda rundt. – Vi ante ikkje at Ivar Aasen tunet var tidlegast ute. Det hadde eg ikkje trudd, seier Ottar Grepstad.

Ivar Aasen-tunet, ute.

Ivar Aasen-tunet i Ørsta er det eldste språkmuseet i verda. Det visar undersøkingar som Ottar Grepstad, direktør ved senteret, har gjort.

Foto: Ivar Aasen tunet

Ivar Aasen-tunet blei opna i 1898 som eit museum over Aasens liv og verk, og blei i 2000 endra til det moderne Ivar Aasen-tunet.

For fem år sidan byrja direktør Ottar Grepstad å kartlegge språkmuseum verda rundt. Han har funne 58 museum, men ingen eldre enn Aasen-tunet.

Dei neste musea på lista er Gutenberg-museet i Mainz som vart etablert i 1900 og eit museum for ordboksforfattaren Samuel Johnson i London som blei opna for publikum i 1914.

Ottar Grepstad

Ottar Grepstad, direktør ved Ivar Aasen-tunet

Foto: Aasentunet

Framsynte

– Det er først og fremst moro at vi er eldst. Dei som etablerte museet i 1898 var framtenkte. Det er all grunn til å takke for, seier Grepstad

Grepstad har samla dokumentasjonen i e-boka «A world of languages and written culture». Skriftet blir også publisert av fleire museum i andre land.

– Vi ville vite kva kollega vi hadde rundt om vi verda, men ante ikkje at vi ville finne heile 58 språkmuseum, fortel Ottar Grepstad.

Stolt over å vere eldst

Dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet er stolt av å ha ansvaret for det eldste språkmuseet i verda.

– Vi visste at Ivar Aasen var før si tid, og at dette er det eldste personmuseet i Noreg og det einaste språkmuseet i Norden. Vi blei overraska då det viste seg at vi også er eldst i verda, seier Øvereng.

Dannar globalt museumsnettverk

Grepstad har hatt kontakt med mange språkmuseum i arbeidet med dokumentasjonen. Også alle diplomatiske stasjonar i Noreg fekk spørsmål om saka, og det førte til at lista kunne utvidast.

I den internasjonale museumsorganisasjonen ICOM finst ein seksjon for litterære museum, men ikkje for språkmuseum. Seinare i vinter inviterer Nynorsk kultursentrum alle språkmusea til å bli med i eit globalt nettverk.

– I første omgang etablerer vi kontakt via e-post, og så vonar vi at det blir mogleg å få til ei samling når museum frå heile verda møtest til verdskongress i Milano sommaren 2016. Fleire har alt meldt interesse, seier Grepstad.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL