Hopp til innhold

Vil orientere seg mot nordvestlandet

Høgskulen i Volda vedtok i dag å prioritere samarbeid mellom høgskulane på nordvestlandet.

Henrik Kaarstad-huset ved Høgskulen i Volda

SER NORDOVER: Høgskulen i Volda vedtok i dag å prioritere samarbeid mellom høgskulane på nordvestlandet.

Foto: Høgskulen i Volda

25. september er institusjonane på Vestlandet kalla inn til møte hos kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen, der dei skal legge fram sine tankar om korleis høgskulesektoren skal organiserast.

Kunnskapsministeren har bede alle norske utdanningsinstitusjonar om å kome med forslag til strukturendringar. Høgre-statsråden ønskjer seg eit nytt universitetskart, og høgskulane og universiteta på Vestlandet ser føre seg eitt langt tettare samarbeid om forsking og utdanning. Og i dag vedtok Høgskulen i Volda at dei vil orientere seg mot Nordvestlandet.

– Det vi vedtok i dag skal vere ein del av fyrste innspel til departementet om dei nye strukturane innanfor høgskule og universitetssektoren, fortel Per Halse, rektor ved Høgskulen i Volda.

Han fortel vidare at fleirtalet i styret gjekk inn for å plassere eit samarbeid mellom høgskulane på nordvestlandet som fyrste prioritet.

– Det vil i praksis sei høgskulane i Ålesund, Molde og Volda. Men også Sogn og Fjordane er nemnt som ein part som vi gjerne vil ha med i eit slikt samarbeid, seier rektoren.

Fleire løysingar

Styret diskuterte i dag om dei skulle prioritere eit samarbeid mellom høgskulane på nordvestlandet eller om dei skulle sjå på løysingar vidare nedover vestlandet som ikkje ville handle om fusjonar, men som skulle vere ein mellomting der ein framleis kunne halde fram med sjølvstendige skular.

Per Halse

LØYSINGAR: Rektor Per Halse seier ein skal vurdere fleire løysingar.

Foto: Høgskulen i Volda

– Styret var einige om at begge desse tinga er interessante å sjå på. Det var rett og slett kva ein skulle prioritere fyrst vi var ueinige om.

Rektoren trur likevel ikkje at ei samanslåing nødvendigvis vil vere det beste før høgskulane, og meiner at det vil vere betre å satse på samarbeid.

– Høgskulen i Volda, til liks med dei andre høgskulane i området har utvikla seg veldig positivt dei siste åra, og har fått til veldig mykje bra, seier Halse.

Han meiner det er vanskeleg å tru at høgskulane har gjort det så dårleg at ein absolutt må gjere endringar.

– Fusjonar skapar ofte mykje støy, og eg er ikkje overbevist om at det vil løyse alle utfordringane høgskulane møter i framtida, seier rektoren.

– Men vi skal sjølvsagt vere med på å diskutere den problemstillinga i lag med andre moglegheiter, held han fram.

Likevel trur han dei fleste deler det same overordna målet.

– Eg trur vi alle er einige i at vi skal styrke kvaliteten og gjer utdanningane og forsinka vi driv med så god som mogleg, seier Halse.

Samanslåing?

Halse vektlegger at ei eventuell samanslåing ikkje er noko styret i høgskulen har diskutert enno, men han ser ikkje vekk ifrå at dette vil kome på bana i framtida.

– Spørsmålet om fusjonar kjem seinare i prosessen, fortel han.

Rektoren er difor spent på kva som vil kome fram etter møtet med departementet i september.

– Det blir spanande å høyre kva dei sei og kva slags einingar dei ser for seg. Det er ganske tydeleg at styresmaktene ynskjer færre skular i framtida, seier Halse.

– Samtidig har statsråden vore klar på at det som skal styre dette er eit spørsmål om kvalitet og då kan det vere ulike meiningar på korleis ein når det målet, held han fram.

Saka held fram etter bilete.

Dei regionale høgskulane i møre og romsdal

FRAMTIDA: Vil desse tre høgskulane bli samla til ein høgskule i framtida?

Foto: Janne Brit Aasen

Over fylkesgrensene

Høgskulen er også interessert i eit samarbeid som går på tvers av fylkesgrensene og omfattar Sogn og Fjordane.

– Det er rett og slett fordi vi har mykje til felles med Høgskulen i Sogn og Fjordane både når det gjeld fagmiljø og kva type utdanningar vi tilbyr.

Han peikar på ei tydelegare arbeidsfordeling i Møre og Romsdal, der kvar høgskule har sine eigne studieretningar, tilbod og profil.

– Dersom vi skal skape sterkare og meir robuste fagmiljø og få fleire studentar til dei ulike utdanningane så er det naturleg for Volda å trekkje mot Sogn og Fjordane, seier Halse.

Framtida

Halse seier det viktigaste for Høgskulen er å halde oppe Volda som ein sterk og attraktiv studiestad for studentar.

– Så kan det vere litt ulike tankar om korleis ein best skal nå det målet. Men eg trur dei fleste av oss er skeptiske til at det blir for store endringar, fortel han.

Spesielt er dei skeptisk til å samle alle høgskulane under eit stort universitet i ein av storbyane, og at styret for høgskulane også vil ligge i storbyen,

– Eg håpar og trur at alle ser interessa av at vi får halde fram med å ha styring i regionen sjølv, seier Halse.