Hopp til innhold

Hylla som folkehelt etter VM-suksessen, no må han hale AaFK ut av nedrykkssumpen

– Fotball-VM blir eit minne for livet, seier ein litt sliten Michael Barrantes tilbake i Ålesund. No skal han ta tak for å hindre at AaFK må spele 1. divisjon i 2015.

Michael Barrantes

Michael Barrantes er tilbake i Noreg etter VM-suksessen med Costa Rica. No er han klar for å kjempe om poeng i eliteserien med Aalesund.

Foto: Remi Sagen / NRK

Den lange flyturen frå Costa Rica og all spenninga rundt VM-deltakinga sat enno i kroppen då NRK møtte Barrantes tysdag ettermiddag. Men han var tydeleg stolt over triumfen han og lagkameratane i Costa Rica var med på under VM i Brasil.

– Eg er svært lukkeleg og takksam overfor Gud over det vi oppnådde. No er motivasjonen på topp for å ta erfaringane frå Brasil og Costa Rica til AaFK, seier han.

Barrantes mot Lampard

Her er Barrantes i duell med England sin Frank Lampard. Kampen enda uavgjort, noko som gjorde at Costa Rica vann «dødens gruppe».

Foto: ODD ANDERSEN / Afp

Overraskinga

Mange meiner Costa Rica stod for den alle største overraskinga under VM 2014.

– Ja, vi var nok ei overrasking for svært mange, og nådde vel lengre enn vi sjølve hadde turt å håpe på også. Men alt vi oppnådde på banen speglar dei gode førebuingane vi hadde internt i laget. Resultatet viste at grunnlaget var svært godt.

Heimlandet Costa Rica har berre 4,5 millionar innbyggarar, og klarte på imponerande vis å plassere seg som David blant Goliatane i verdstoppen i fotball.

Dei møtte Italia, England og Uruguay – tre tidlegare verdsmeistrar – i gruppespelet, og var dømt nord og ned. Costa Rica gjekk derimot vidare som gruppevinnar. Dei gjekk til og med til kvartfinale etter å ha slått ut Hellas.

Italy v Costa Rica

Her jublar Barrantes etter den overraskande sigeren mot Italia i VM.

Foto: Alex Livesey - FIFA / FIFA via Getty Images

I kvartfinalen blei det derimot tap mot bronsevinnar Nederland.

Glede utan ende

VM var uansett ein suksess av dimensjonar for vesle Costa Rica. Så lenge moroa heldt fram i Brasil, blei det feira og festa ifrå badestrendene til byane og høglandet. Og då laget vende heim laga costaricanarane ein kjempefest for laget i hovudstaden San Jose.

Det var heilt utruleg. Gleda ville ingen ende ta. Det var fantastisk å kome heim til landmennene og møte slik ei glede, seier ein smilande Barrantes.

Han ser på det ei stor ære for å vere med og representere heimlandet.

– Dette blei historisk. Det eg opplevde både i og rundt VM- arenaene i Brasil og gleda som møtte oss heime i Costa Rica, kjem eg aldri til å gløyme. Augneblinkane vil ligge i hjartet mitt så lenge eg lever.

Saka held fram under bildet.

Costa Rica tatt imot av fans

Slik såg det ut då Michael Barrantes og Costa Rica blei tatt imot i heimlandet etter VM.

Foto: EZEQUIEL BECERRA / Afp

AaFK-honnør

Logisk nok er det stor forskjell på å sparke fotball i vesle Ålesund og delta på sirkuset som var i Brasil. Men Barrantes gir honnør til AaFK for at han kunne dra til Sør-Amerika og vere med på VM-eventyret, trass i at det betydde ein lang periode borte frå klubbe,

– Takka vere grunnlaget, treninga og alt eg har fått med i AaFK, og takka vere stor velvilje, fekk eg vere med i VM, seier han, og legg til at VM-spel har vore gutedraumen han no har fått oppfylt.

Sjølv om det blei berre delar av to kampar han fekk vere ute på banen, og nok hadde vona på meir speletid, vil VM-deltakinga betyr mykje sportsleg.

– Det vil bety mykje resten av livet, og gir sjølvsagt auka motivasjon som eg tar med tilbake til jobben i AaFK. Eg er glad for Brasil-erfaringane eg fått, og oppgåva for meg blir no å gi all hjelp eg kan til laget slik at vi kan spele AaFK bort frå botnstriden på tabellen.

Michael Barrantes

AaFK-spelaren fortel at venstrefoten berre har blitt betre.

Foto: Remi Sagen / NRK

VM-styrka venstrebein

– Og den farelege venstrefoten er også styrka på banene i Brasil?

– Ja, ja, klart det! Den har blitt sterkare og sterkare. Slik med motivasjonen også. Eg skal gjere alt eg kan for at vi kan sigre i neste seriekamp.

Dermed blir det Sarpsborg som får smake kva det betyr at venstrefoten til Barrantes har fått VM-styrke. Kampen går tysdag neste veke.

Russland neste?

Costaricanaren og Aafk-spelaren Barrantes har fått med seg opplevingar og erfaringar som få er forunnt. Russland står for neste fotball-VM om fire år. Er han med på laget til Costa Rica også dit?

– Hmm, ja, håpet er no der. Eg kjem til å vere nærmare 34 år i 2018, så logisk nok vil eg vel merke alderen. Men viss eg klarer å halde fysikken oppe, står det ikkje på lysta eller motivasjonen til å vere med dit også!

– Det burde vere mogleg å kome seg til Russland. Eg gir ikkje opp håpet. Det vil eg halde fast på, seier Barrantes.

Tysdag kom han innpå for AaFK då laget tapte 1-0 i ein treningskamp mot Hødd.

Alesund Fotballklubb sin midtbanejuvel Michel Barrantes er igjen tilbake på Sunnmøre etter å ha deltatt på VM i Brasil for heimlandet Costa Rica. No er han klar for å klatre med dei oransje og blå.

Sjå delar av intervjuet med Michael Barrantes her. NB! På grunn av problem med tekstinga må du ha spansken din på plass for å forstå intervjuet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL