Hopp til innhold

Pensjonistane bergar Fjord1

Ferjeselskapa slit med mannskapsmangel. Fjord 1 håper det ikkje skal bli innstilte ferjer fordi dei manglar folk på jobb.

Created by InfoDispatcher

Bjørn Sekkenes i Fjord 1 har ingen lett jobb med å rekruttere ungdom inn i ferjebransjen.

Ferjererederia har tøff konkurranse med offshorenæringa om å rekruttere mannskap. Gjennomsnittsalderen på dei tilsette om bord på ferjer, hurtigbåtar og andre båtar i innanriksfarten er stigande.

Bjørn Arild Sekkenes leiar driftsoperativt senter i Fjord 1 og jobbar med rekruttering. Han er bekymra over utviklinga.

– Vi kan ikkje drifte fartøya utan kvalifisert personell. Har vi ikkje full tryggleiksbemanning, må ferja ligge stille, seier Sekkenes.

LES OGSÅ:

Manglar maskinistar

Det er spesielt maskinoffiserar det er vanskeleg å få tak i. Om berre ti år har halvparten av norske maskinistar gått av med pensjon.

– Grunnen til at det er vanskeleg å skaffe yngre folk til ferjene er at arbeidsløysa er låg og at konkurransen med offshore og utanriks er stor, seier Sekkenes.

Han trur mange ynskjer å jobbe offshore på grunn av den høge løna og dei gode skiftordningane.

Berga av pensjonistar

I dag har Fjord 1 ein vikarpool med pensjonistar, slik at alle ferjer går sjølv om nokre av mannskapet vert sjuk.

– Ser vi fram i tid kan det verte ei stor utfordring med innstilte ferjer fordi vi manglar personell, seier Sekkenes.

Fjord 1 prøver no å marknadsføre seg som ein god og trygg arbeidsplass for dei unge. Dei er ute på skulane, på Facebook, NAV og i media for å sikre seg at dei har nok folk til sommaren.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL