Måtte betale for luft på ferja

"Kven skal betale for lufta" var spørsmålet Oddrun Grønmyr Rise fekk frå billettøren då ho stod parkert med bilen på ferja.

Oddrun Grønmyr Rise

Oddrun Grønmyr Rise måtte betale trippe pris på ferja då matrosen meinte at ho tok opp meir plass enn ho trengte.

Foto: Torbjørn Eidhammer / Sunnmørsposten

– Eg trudde han tulla, fortel Rise til Smp.no som først skreiv om saka.

Episoden fann stad seg då ho skulle køyre om bord ferja mellom Hareid og Sulesund på Sunnmøre torsdag ettermiddag. Rise parkerte i rimeleg avstand til bilen framføre før ho gav seg til å jobbe. Så kom billettøren for å ta betaling for overfarten.

Trippel pris

– Då eg såg opp, oppdaga eg at bilen framføre meg hadde køyrt litt lengre fram. Matrosen peika og byrja å skritte opp metrane med luft. Han spurte meg: "kven skal betale for lufta?"

Ifølgje billettøren var det åtte meter framføre bilen hennar. Derfor måtte Oddrun finne seg i å betale 137 kroner i staden for 45 kroner som ho vanlegvis betalar.

Rise legg til at ho beklaga seg med det same og at ho sjølvsagt ville ha flytta på seg før om ho var oppmerksam på dette.

– Då han meinte at han var høfleg som slo av éin meter, vart eg litt sjokkert. Han kunne vel berre ha bede meg om å køyre litt fram, seier ho til avisa.

Norled beklagar

Regionssjef i Norled Inge Andre Utåker seier til Sunnmørsposten at matrosen nok har misforstått regelverket.

– Det må vi berre beklage, og slik skal det ikkje vere.

Tankegangen til billettøren var nok at ferja kunne ha teke om bord éin ekstra bil dersom Rise hadde parkert lenger framme, trur Utåker. Men sidan ferja allereie hadde lagt frå kai, fall dette argumentet i hop.

Ifølgje Utåker får Rise vil refundert mellomlegget for lufta om ho tek kontakt med Norled.

Det er positivt at dei no tek til fornufta, seier ho.

Krev vanleg folkeskikk

Ho er usikker på om ho vil ta kontakt med Norled for pengane, seier ho til NRK. Det ho vil ha er god oppførsel.

– Eg forlanger ikkje meir enn vanleg folkeskikk når eg reiser på ferje, seier ho.

Til NRK fortel ho om tidlegare episodar der ho og andre har blitt kalla dumme og ferjemannskap som dunkar på rutene når dei ikkje er nøgd med plasseringa til bilane.

Torsdag kveld var ho på ny tur med den same ferja. Då var servicen betre.