Hopp til innhold

Unik festival i idylliske omgivnadar

Innbyggartalet i den vesle bygda Bjørke var nærare firedobla som følgje av helgas festival. Å samle menneske gjennom musikk er bodskapen bak indiepopfestivalen Indiefjord.

indiefjord

Med slagordet «Bringing indiepop to the fjords» ønsker Indiefjord å skape ei unik festivaloppleving.

Foto: indiefjord

Blant høge fjell og vakker natur inst i Hjørundfjorden i Ørsta kommune vart det i helga arrangert ein festival utanom det vanlege. Bjørke har denne helga vore bakteppe for den internasjonale indiepopfestivalen Indiefjord, som arrangerast for andre gong i år.

– Det har vore ei magisk helg. Eg har nesten ikkje ord til å beskrive det. Det har vore fullt av liv og fleire hundre menneske i ei bygd som til vanleg berre har 81 fastbuande, seier arrangør Silja Haddal Mork engasjert.

Frå ein gal idé til suksess

Mork fekk ideen til festivalen ein sommar ho var på besøk på Bjørke.

indiefjord

Både laurdag og søndag var det ein rekke konsertar i unike lokale på Bjørke.

Foto: indiefjord

– Eg flytta frå London til Sunnmøre for to år sidan og sakna musikkmiljøet der borte, fortel Mork som dreiv klubb og arrangerte konsertar då ho budde i London.

– Familien mi er frå Bjørke, og det er ein plass eg alltid har likt å kome tilbake til. Så fekk eg ein gal ide om å arrangere ein festival her, og så gjekk det, seier ho og ler.

Indiefjord starta som ei spontan samling av venner i fjor, og har utvikla seg til ein festival med 21 band og artistar frå land som Norge, England, USA, Sverige og Australia. Blant artistane finn ein mellom anna Egil Olsen frå Ørsta, Stig Ulv og det britiske bandet The School, for å nemne nokre.

– Det er overveldande å sjå favorittbanda mine spele på favorittplassen min, det betyr utruleg mykje, seier Mork.

Ikkje berre musikk

I tillegg til konsertar på dagtid og kveldstid har festivalgåarane og artistane kunne delta på fjellturar, øl og rømmegraut-smaking og ta turen innom kunstgalleriet eller kaffibaren.

indiefjord

Utekonsert i idylliske omgivnadar.

Foto: indiefjord

– Eg trur omgivnadane og alle dei ulike aktivitetane er ein av grunnane til at artistane har lyst til å kome hit, seier Mork.

Med slagordet «Bringing indiepop to the fjords» ønsker Mork å skape ein festival som handla om meir enn berre musikken.

– Det handlar sjølvsagt om å få indiepop ut til fleire, men det handlar også om at musikken fører menneske saman på tvers av landegrenser og aldrar, seier ho.