Hopp til innhold

Trur på samling etter opprivande homostrid

Den nyvalde leiaren i Møre, Carina Møller, trur på samling av Presteforeininga igjen etter at fleire melde seg ut tidlegare i år.

Carina Møller

Sokneprest Carina Møller er nyvald leiar i Presteforeininga i Møre (leiar i stiftsstyret). Møller begynner 1. august som fengselsprest i Hustad fengsel.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Striden om homofile skal få gifte seg i kyrkja, skapte harde frontar. Presteforeiningsleiaren, som også er sokneprest i Averøy, seier at ho må jobbe hardt for å famne om alle medlemmane i presteforeininga i Møre.

– Det er belastande med kvar einaste medlem som melder seg ut på grunn av ei usemje der dei ikkje føler seg sett. Men debatten har roa seg og det er gledeleg å sjå at nokre medlemmar har kome tilbake igjen, seier ho.

Biskopen melde seg ut

Ingeborg Midttømme

– At staten har endra si ekteskapsforståing betyr ikkje at Kyrkja skal endre sin, sa biskop Ingeborg Midttømme i januar og melde seg ut av Presteforeininga i protest.

Foto: Meek, Tore, Tore Meek / Scanpix

Den årelange interne striden i kyrkja om homofile sine rettar både i kyrkja og ute i samfunnet har splitta både prestar og biskopar. Det toppa seg med at både prestar og vår eigen biskop, Ingeborg Midttømme, melde seg ut av presteforeininga etter striden om likekjønna skulle få gifte seg i kyrkja.

– Midttømme valde som person å trekkje seg frå presteforeininga, og det kom nok på oss som ei lita overrasking at det fekk så mykje merksemd, seier Møller og snakkar varmt om biskopen som ho meiner har eit stort ønske om å famne om alle prestane sine.

Taus om eige standpunkt

Presteforeiningsleiaren ønsker ikkje sjølv å avsløre kor ho står i debatten om homofile ekteskap i kyrkja. I april stemte det nasjonale kyrkjemøtet nei til vigsel og forbøn av homofile par.

– Eg er som prest er lojal til den ordninga som kyrkja har, og som stiftsstyreleiar så ser eg det ikkje som rett å agitere for det eine eller andre synet, seier ho, men legg til at ho som prest ønsker å møte alle menneske som kjem til kyrkja med eit ønske om bøn.

– Men det ikkje viktig at folk veit kva presten står for?– Det skal dei få vite den dagen dei spør. Eg har ein anna rolle no enn som prest i ein lokal kyrkjelyd. Oppgåva mi no er å samle troppane i presteforeininga og saman med styret legge kursen saman med prestane, seier ho.

Ber om tolmod

Møller håper no at Presteforeininga kan fokusere heilt og fullt på det fagpolitiske og trygge eit godt arbeidsmiljø for prestane.

– Den saka skal ikkje få lov til å ha alt for stor belastning for oss, meiner ho.

– Har du opplevd spørsmålet om vigselsliturgi for homofile som opprivande og splittande?

– Det kan vere at eg vil få andre erfaringar no som eg går inn i ei ny rolle, men nei. Eg trur vi klarer å leve med usemjer. På same måte som vi har levd med mange andre kontroversielle spørsmål i kyrkja i mange år, så har vi kome fram til gode løysingar over tid. Denne saka treng også tid. Mange er utolmodige på begge sider.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL