Hopp til innhold

Kan kome til å trekkje seg

Mørebiskop Ingeborg Midttømme fryktar å møte seg sjølv i døra dersom ho held fram som biskop i ei kyrkje som opnar for homofilt ekteskap.

Ingeborg Midttømme

Mørebiskop Ingeborg Midttømme meiner homofilt ekteskap går imot det som står i Bibelen.

Foto: Frode Berg / NRK

Om Kyrkjemøtet seier ja til at homofile kan gifte seg i kyrkja, må biskop Ingeborg Midttømme rette seg etter det.

– Det er mitt ansvar. Eg har ikkje noko val. Eg er forplikta til å følgje ordninga til kyrkja vår, seier ho.

I ytste konsekvens

Onsdag kom det fram at biskopen har trekt seg frå Presteforeininga i protest mot vedtaket om innføring av liturgi å vie homofile par. Midtømme seier det ikkje var noko enkelt val.

– Å oppleve at ein så tung organisasjon, som presteforeininga er, einstemmig seier noko som ikkje er dekkande for det eg står for, det syntest eg var ubehageleg.

Sjølv om Midtømme seier at ho ønskjer å vere lojal, trur ho det kan bli for etisk utfordrande å halde fram i vervet dersom viing av homofile par vert innført.

– Det er mange ting som kan bryte på djupt vatn, eige liv og tru. Men lojaliteten min ligg alltid mot ordinasjonen og løfta eg har avlagt. I ytste konsekvens må eg gå ein ny runde med meg sjølv. Det kan vere at dette er så alvorleg for meg at eg ikkje lenger kan vere i den posisjonen eg er i.

Kjempar vidare

Biskopen var leiar for Presteforeininga i fleire år. Etter ein tenkepause melde ho seg ut av foreininga i protest mot korleis spørsmålet har blitt behandla.

– Det som vert feil i denne saka er at foreininga konkluderer utan at det er forankra i medlemsmassen. Eg trur at presteforeininga ikkje innsåg konsekvensane av vedtaket sitt og dei sterke reaksjonane som ville kome, seier ho.

Ho vel å ta kampen mot at homofile skal kunne gifte seg i kyrkja utanfor presteforeininga, og legg til at ho ikkje er den einaste.

– Eg har fått fleire meldingar av prestar både i mørebispet og andre stader som har meldt seg ut, seier ho.

Manglande respekt

Bård Nylund

LLH-leiar Bård Nylund meiner Ingeborg Midttømme utviser lite respekt for det liberale fleirtalet i kyrkja i spørsmålet om homofile ekteskap.

Foto: LLH

Landsforeningen for lesbiske og homofile (LLH) ser ikkje noko gale i at homo-kritiske prestar meldar seg ut av fagforeininga si. Det seier leiar Bård Nylund.

– Alle kan velje kor dei er organiserte, så det legg vi oss ikkje oppi, seier han.

Samstundes meiner han at handlinga er eit uttrykk for mangel på respekt for meiningsmotstandarar.

– Dei konservative prestane i Presteforeininga har bede om respekt for sine syn og har fått det. Men dei same prestane viser lite respekt tilbake, seier han.

– Bispemøtet har avklart at det ikke er i strid med læren at to av samme kjønn kan inngå ekteskap, og då er det logisk av Presteforeininga å føre dette vidare, seier LLH-leiaren vidare.