Hopp til innhold

Dei har alle ein kollega som er ramma av krisa

Stadig fleire merkar følgjene av krisa i offshorenæringa. Sunnmøre er eitt av områda som er hardast ramma.

Havila Subsea 7 ved kai

I OPPLAG: Havila Subsea ligg i opplag ved kaia på Leine i Herøy.

Foto: Frode Berg / NRK

Mange sjøfolk er uroa over framtida når stadig fleire skip ligg i opplag. I dag var dei samla til møte i Ålesund. Rekordmange frå sjømannsorganisasjonane møtte opp.

Ifølge Stian Grøthe i Sjømannsorganiasjonen er det ingen andre plassar i landet det møtte opp like mange.

Stian Grøthe i Sjømannsorganiasjonen

Stian Grøthe i Sjømannsorganiasjonen har reist langs kysten for å prate med sjøfolk. I Ålesund møtte flest opp.

Foto: Frode Berg / NRK

– Eg trur folk er genuint redde for framtida si og til heile den maritime næringa, seier Grøthe.

Står utan arbeid

Nærmare 20.000 tilsette i Norsk Industri står i fare for å miste jobben i år, dei aller fleste i olje- og gassnæringa. Skip i opplag fører til at sjøfolk står utan arbeid. Ein av dei som møtte var kaptein Øyvind Åkre. Han meiner det er viktig no å stå samla.

kaptein Øyvind Åkre

Øyvind Åkre er kaptein og meiner det er viktig at sjøfolka står samla.

Foto: Frode Berg / NRK

– Det er no vi må klare å bli einige om ein felles strategi slik at vi alle står igjen med styrke.

Både reiarlaga og sjøfolka slit. No ber dei politikarane om å hindre at dei i tillegg blir utkonkurrert av låglønte utanlandske sjøfolk på norsk sokkel. Kaptein Ståle Nykrem seier at følgjene av krisa er frustrerande.

Kaptein Ståle Nykrem

Kaptein Ståle Nykrem seier at mange er uroa for framtida.

Foto: Frode Berg / NRK

– Det er mange som er veldig uroa og slit økonomisk.

Grøthe i Sjømannsorganisasjonen er klar på at norske sjøfolk skal konkurrere på lik linje med alle andre nasjonalitetar.

– Det skal ikkje vere lønnsdumping på norsk sokkel og at ikkje norske sjøfolk skal bli sett på land fordi dei møter lønningar der ute som ikkje gjer det mogleg å leve i Noreg.