Hopp til innhold

Sjukehusstriden: Usemje i spørsmålet om lovbrot

Det er framleis stor usemje om helseminister Bent Høie har handla i strid med helseføretakslova eller ikkje. Men Helse Midt-Norge må tole kritikk for å ha vore uryddige.

Helse- og omsorgsminister Bent Høie

Helseminister Bent Høie måtte fredag møte for Kontroll- og konstitusjonskomiteen i spørsmålet om sjukehusstriden i Møre og Romsdal.

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

– Det framstår avklart at helseministeren ikkje braut lova eller instruerte nokon i handteringa av tomtevalet. Derimot er det større grunn til å rette kritikk mot det regionale helseføretaket og måten dei syns å ha lagt press i sluttfasen.

Det seier Bård Vegard Solhjell (SV) etter stortingshøyringa fredag. Solhjell viser til Helse Midt-Norge si forklaring på korleis dei handterte prosessen fram mot tomtevalet.

– Dei har lagt sterkt press, og nokon har oppfatta det som lovbrot. Kva det inneber må vi gå nærare inn i materialet før vi kan konkludere med. I alle fall var det ikkje klokt at det blei så tilspissa, seier han.

Krf sin representant i komiteen, Hans Fredrik Grøvan, meiner dette viser at det må ryddast i regelverket.

– Det var tydeleg i høyringa at det er skapt forventingar om at avgjerda om tomteval i større grad kunne vore fatta lokalt. Denne saka har vist at vi treng å gå igjennom strukturane og avklare roller på ein betre måte.

– Kan ha skjedd lovbrot?

– Noko av det som har skjedd mellom det lokale og det regionale helseforetaket har vore uryddig. Eg ikkje kalle det lovbrot, men kanskje saksbehandlingsfeil, seier Grøvan.

Kan ha brote lova i saka om direktøren sin avgang

Sjølv om tema for høyringa var lokaliseringsspørsmålet, kan det vise seg at Høie si rolle i avgangen til tidlegare direktør Trond M. Andersen i Helse Midt-Norge blir eit større problem for statsråden.

– Etter mi vurdering er det ingen tvil om at han har brote lova ved at han har instruert styreleiaren i Helse Midt-Norge om å fjerne sin administrerande direktør, seier saksordførar Per Olaf Lundteigen (Sp).

Til komiteen forklarte Høie at han ba styreleiar Marthe Styve Holte starte ein prosess for å seie opp direktøren, og at han kunne kalle inn til føretaksmøte og avsett styret dersom dette ikkje blei gjort.

Martin Kolberg

Martin Kolberg er leiar av Kontroll- og konstitusjonskomiteen.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

Også komiteleiar Martin Kolberg meiner dette punktet er problematisk.

– Det er eit heilt klart lovbrot frå statsråden si side når det gjeld denne avgangen. Men eg trur ikkje det har noko med lokaliseringssaka å gjere, seier Kolberg.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL