Hopp til innhold

Russiske trålar forliste under Dagmar- no krev ordføraren heving

Sidan orkanen 1. juledag i 2011 har ein russisk trålar ligge på 30 meters djupn i Hundeidvik. Ingenting tyder på at den vert fjerna. Det gjer ordføraren sint.

Krasnoselsk

Denne russiske trålaren ligg på 30 meters djupn i Hundeidvik.

Foto: Øystein Røimål

Petter Lyshol

Ordførar i Sykkylven, Petter Lyshol, krev at trålaren vert fjerna.

Foto: Trond Vestre / NRK

I det forrykande uveret forliste den russiske trålaren «Krasnoselsk» ved kaia i Hundeidvik i Sykkylven. Båten skulle få montert fryseri om bord, men enda i staden på 30 meters djupn.

Halvanna år har gått og det er ingenting som tyder på at båten vert heva med det første. Det betyr at verksemda Fishtech som skulle ha nytta kaia, i stadane må leige kaiplass på Vartdal i nabokommunen Ørsta.

– Det gir oss utfordringar når vi ikkje kan bruke vår eiga kai, seier dagleg leiar Bjørn Idar Lyngvær.

Verksemda driv blant anna på med skipsreparasjonar. Neste veke startar dei på eit stort oppdrag, og må pendle ein times tid til den leigde kaia.

Russiske eigarar

Fishtech i Hundeidvik

Her på 30 meters djupn ligg fiskebåten. Det fører til at verksemda Fishtech ikkje kan nytte kaia.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Eigarane av båten er russiske og har forsikra Lyngvær om at båten skal hevast. Dei skal vere i dialog med forsikringsselskapet. Kostnaden på arbeidet vil vere på over 10 millionar kroner.

– Vi prøver berre å gjere det beste ut av situasjonen, men det er klart at slik kan vi ikkje ha det i årevis, seier Lyngvær. Han har blitt førespegla at båten skulle bli heva i mai/juni. No trur han ikkje lengre på det.

Lita vilje

Petter Lyshol, ordførar i Sykkylven, har vore i møte med fiskeristyresmaktene og han er ikkje optimist. Dei seier at dei treng meir tid til å greie ut saka, men vil tømme båten for olje. Lyshol er slett ikkje nøgd med svaret.

– Det gir meg eit signal om at dei ikkje er interessert i å fjerne båten. Det verkar som viljen er lite til å gjere noko, seier Lysholm.

Kommunen vil i samråd med sin advokat vurdere kva dei skal gjere vidare for å få ei løysing.

Det har ikkje lukkast NRK å få ein kommentar frå Fiskeridepartementet.

Sidan orkanen 1. juledag i 2011 har ein russisk trålar ligge på 30 meters djupn i Hundeidvik. Ingenting tyder på at den vert fjerna. Det gjer ordføraren sint.

Daglig leder for Fish Tech AS viser hvor båten ligger.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL