Hopp til innhold

Kunnskap kan redde liv

Éin av tolv norske kvinner vil utvikle brystkreft i løpet av livet. Anne-Barbro Nygård i Brystkreftforeininga i Ålesund og Omegn har sjølv fått kjenne sjukdomen på kroppen.

Anne-Barbro Nygård

Anne-Barbro Nygård i Brystkreftforeininga i Ålesund og Omegn har sjølv hatt brystkreft, men er no frisk.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Eg fekk brystkreft for ein del år sidan, men har vore frisk i mange år no. Brystkreften vart heldigvis oppdaga tidleg og eg fekk raskt behandling, seier Anne-Barbro Nygård i Brystkreftforeininga i Ålesund og Omegn.

For 17. gang blir no Rosa sløyfe-aksjonen arrangert her i landet.

Gjennom årets aksjon ønsker Brystkreftforeininga og Kreftforeningen å spreie kunnskap og informasjon om ulækjeleg brystkreft.

– No er det heldigvis slik at dei fleste som får brystkreft blir symptomfrie etter behandling, og om lag 90 prosent lever fem år etter at dei fekk diagnosen. Men nesten kvar fjerde brystkreftopererte vil oppleve at kreften spreier seg til andre organ og utviklar seg til ulækjeleg brystkreft, seier Nygård.

Rammer mange

Over 40,000 nordmenn har eller har hatt brystkreft. Nærare 18,000 fekk diagnosen for meir enn 10 år sidan, og mange blir ramma kvart år.

Rosa sløyfe-aksjon 2015

Rosa sløyfe-aksjonen starta no i oktober.

Foto: Anders Fehn / NRK

Ifølge Kreftforeningen er målet med Rosa sløyfe-aksjonen: «å vise solidaritet med brystkreftramma, spreie informasjon og auke kunnskapen om brystkreft, samt å støtte brystkreftforsking».

– I 2013 var det over tre tusen kvinner og nærare 40 menn som fekk brystkreft, seier Nygård.

Difor er det ekstra viktig å følgje nøye med, meiner ho. Kunnskap om brystkreft kan vere med på å redde liv.

– Alle kvinner over 50 år får tilbod om mammografi, og bør nytte seg av det tilbodet. Sjølv fekk eg kreft lenge før eg fylte 50 så det er i tillegg viktig at kvinner og menn er flinke til å kjenne etter kular sjølv. Dersom du kjenner ein kul bør du fare til legen for å få den undersøkt, seier Nygård.

Brystkreftforeininga har den siste tida hatt informasjonsstandar fleire stadar i landet. Nygård fortel at det er mange som tek turen innom standen.

– Mange stoppar opp for å høyre korleis dei kan støtte oss, medan andre berre ønsker å dele historier om nokon dei kjenner eller familiemedlem som har hatt brystkreft, seier ho.

Symptom på brystkreft kan du lese her.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL