Hopp til innhold

Imponerte med rytmisk gymnastikk

Sophie Brevik Nesse frå Ulstein imponerte på scena med rytmisk gymnastikk under fylkesmønstringa i UKM.

Sophie Brevik Nesse på UKM

15 år gamle Sophie Brevik Nesse frå Ulstein deltok for første gong på UKM i år.

Foto: Katrine Mæhlum Pilskog

Nærare 400 talentfulle ungdomar frå heile Møre og Romsdal er denne helga samla i Herøy for fylkesmønstringa i UKM. I løpet av seks framsyningar har publikum fått sjå alt frå musikkvideoar og teater til song og dans.

På scena stod også 15 år gamle Sophie Brevik Nesse frå Ulstein. Ho var den einaste deltakaren som deltok med rytmisk gymnastikk.

– Eg hadde lyst å vise noko som kanskje var litt annleis, fortel ho.

– Litt nervøs

Nesse deltek på UKM før første gong i år, men ho er ingen nybyrjar når det gjeld rytmisk gymnastikk. 15-åringen har vore aktiv turnar sidan ho var ni år gamal.

Sophie Brevik Nesse

Sophie Brevik Nesse var litt nervøs før ho gjekk på scena.

Foto: silje Bjerknes / nrk

– Søstera mi byrja først, og så syntest eg det såg morosamt ut, seier ho.

I dag trenar Nesse om lag to timar kvar dag.

– Eg er glad i å trene, så det passar meg godt. Først var det mest på gøy, no er det litt meir alvor, seier ho.

Til trass for at ho har konkurrert i ei årrekke, var Nesse litt nervøs før ho gjekk ut på scena.

– Eg hadde ein del sommarfuglar i magen, men dei forsvann då eg starta å turne, seier ho.

Ein ekstra arena

UKM har utvikla seg til å bli den breiaste kulturarenaene for unge i Noreg i dag. Nesse deltek for første gong i år, og meiner det er bra at mønstringa opnar opp for alle moglege talent.

– Det var veldig kjekt. Miljøet for turn er ikkje så stort her i området, så vi som held på med det har ikkje så mange moglegheiter til å vise kva vi kan, seier ho.

Nesse syntest også det var morosamt å delta på dei sosiale aktivitetane under UKM, og deltakinga har gitt meirsmak.

– Det har vore ei bra helg. Det har vore gøy å vere her og bli kjent med nye folk, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL