Hopp til innhold

Stor samling av unge talent i Aure

Nærmare 400 av fylkets mest talentfulle ungdomar er samla i Aure denne helga for å delta på fylkesmønstringa i UKM.

UKM Møre og Romsdal 2015

Fleire hundre ungdomar er denne helga samla i Aure for å delta på UKM.

Foto: silje bjerknes / nrk

Ungdom frå heile fylket er samla til tre dagars kulturmønstring i Aure denne helga.

I år er det 31 år sidan den første fylkesmønstringa vart arrangert i Molde. Ungdomens kulturmønstring (UKM) har i løpet av åra utvikla seg til å bli landets største offentlege satsing på ungdomskultur.

Det som starta som eit musikkarrangement i 1985 er i dag eit av dei breiaste kulturarenaene for unge i dag. Kunstnarar, forfattarar, dansarar, musikarar, fotografar og mange andre talent samlar seg kvart år for å delta på UKM.

– Vi har rundt 370 deltakarar som skal delta enten på scena eller i kunstutstillinga, seier Jonas Høgseth, produsent for UKM Møre og Romsdal.

I tillegg er det mange ungdomar som hjelper til med sjølve arrangementet og direktesendingane frå fylkesmønstringa.

Fylkesmønstringa i UKM kan du følgje direktør her (du må skrolle ned litt), eller her.

Sjå også:

370 av fylkets mest talentfulle ungdomar er samla i Aure denne helga for å delta på fylkesmønstringa i UKM.

Foto/redigering: Eirik Haukenes.