NRK Meny
Normal

Sosialt fellesskap på UKM

Ut ifrå klasseromma på Borga barneskule i Herøy strøymer lyden av ungdomar som pratar, ler og syng. – Her får vi minner for livet, seier ungdomane.

Thea Elise Krogset (15) og Jorunn Marie Remen

Jonas Wolle Åkre, Thea Elise Krogset og Jorunn Marie Remen er nokre av ungdomane som bur på Borga barneskule denne helga.

Foto: silje bjerknes / nrk

Klasserom ukm

Mange av deltakarane overnattar på klasseromma på Borga barneskule i Herøy.

Foto: silje bjerknes / nrk

I ei av trappene har det samla seg ein liten gjeng. Jonas Wolle Åkre (14) frå Sula spelar gitar, medan Thea Elise Krogset (15) og Jorunn Marie Remen frå Rauma følger nøye med.

Dei er tre av dei mange hundre ungdomane som denne helga overnattar på Borga barneskule i Herøy.

– Vi prøvar å finne songar som fleire kan og så sit vi slik som dette, syng og spelar, fortel Åkre.

– Det er sosialt, og ein veldig fin måte å bli kjend med andre på, held han fram.

Det sosiale er høgdepunktet

I løpet av totalt seks framsyningar skal 370 deltakarar frå heile fylket vise fram talenta sine. Men mellom framsyningane er det også tid til andre sosiale aktivitetar, som blant anna workshops, låtskrivarkurs og kunstkurs.

klasserom ukm

Jonas Wolle Åkre (14) frå Sula syntest det er kjekt å overnatte på skulen.

Foto: silje bjerknes / nrk

I tillegg får ungdomane tida til det kjekkaste av alt, nemleg å bli kjent med nye folk. Då hjelper det å bu tett på kvarandre.

Inne på klasseromma på Borga barneskule ligg det madrassar tett i tett. På nokre av klasseromma er det trongt om plassane, men det gjer ingenting.

– Det er det sosiale som er høgdepunktet med UKM, seier Remen

– Etter framsyningane samlast vi her på skulen for å prate og vere saman med kvarandre. Her får vi minner for livet, held ho fram.

Krogset er samd.

– Når vi bur på denne måten blir vi kjent med deltakarar frå andre stadar i fylket, og personar som har andre talent enn oss. Det er veldig kjekt, seier ho.

– Alle smiler og seier hei

Dei tre ungdomane fortel at konkurransen ikkje er den viktigaste delen av UKM, men å bli kjend med dei andre deltakarane. Og på spørsmålet om dei kunne tenke seg å bu på skulen eller hotell, hadde ungdomane eit klart svar.

Klasserom UKM

På klasseromma ligg det madrassar og bagasje om kvarandre.

Foto: silje bjerknes / nrk

– Her på skulen. Målet med UKM var å bli kjend med så mange som mogleg, og det er lett når så mange er samla på ein plass, seier Åkre.

Og ifølgje ungdomane er det ikkje vanskeleg å stifte nye kjenningar..

– Alle du møter smiler og seier hei, så det er veldig lett å bli kjent med folk, seier Åkre.

– Ja det er som han seier. Det verkar som om alle er innstilt på å vere sosiale og bidra til å skape ei god stemning, seier Remen.