Hopp til innhold

Helse Midt-Noreg: Har full tillit til Kinserdal

Styreleiar i Helse Midt-Noreg, Ola H. Strand, har full tillit til Stein Kinserdal. Kinserdal vil bruke jula på å vurdere stillinga si.

Ola H. Strand

Ola H. Strand vil ikkje kommentere om han har vore i kontakt med Kinserdal om jobben hans.

Foto: Cornelius Poppe / SCANPIX

Etter alt bråket i sjukehusstriden har styreleiar i Helse Møre og Romsdal, Stein Kinserdal, sagt at han vurderer å trekke seg frå stillinga. Grunngivinga hans er at dersom legitimiteten hans vert trukke i tvil, har han ingen grunn til å bruke tid på å få på plass det nye fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal.

Mogleg brot på lova

På eit ekstraordinært styremøte søndag kom det fram at det mest truleg har skjedd eit brot på helseføretakslova med forsøk på eigarstyring, men at det ikkje har hatt praktiske konsekvensar for vedtaket. Helseminister Bent Høie avviser at han har gitt signal om at han ynskte at sjukehuset skal plasserast i Molde. E-postutvekslinga mellom Astrid Eidsvik, tidlegare administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, og Kinserdal vart også offentleggjort søndag.

Sjølv trur Kinserdal at han kan gjere ein god jobb dersom han får lov til å halde fram, men han vil bruke jula til å vurdere om han skal trekke seg.

Har tillit

Det er styret i Helse Midt-Noreg som har utnemnt Kinserdal som styreleiar. Ole H. Strand som er styrleiar i Helse Midt-Noreg seier til NRK at dersom Kinserdal vil drøfte situasjonen er det Strand han må ta kontakt med.

– Eg vil ikkje kommentere om det har vore ein slik kontakt. Utover at Kinserdal har full tillit, vil eg ikkje uttale meg, seier Strand.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL