Hopp til innhold

Høie kjenner seg ikkje igjen i e-posten

Helseminister Bent Høie avviser innhaldet i eposten, der det går fram at han skal ha gitt signal om at han ønskte nytt sjukehus i Molde.

Helseminister Bent Høie

Helseminister Bent Høie seier han ikkje kjenner seg igjen i referatet av innhaldet av e-posten.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Helseminister Bent Høie uttalar søndag ettermiddag at han ikkje kjenner seg igjen i den no omdiskuterte e-posten som er sentral etter det ekstraordinære styremøtet i Helse Møre og Romsdal søndag.

For i rapporten frå juristane som dei tre siste dagane har vurdert om vedtaket om sjukehusbygginga er lovleg, går det fram at styreleiar Stein Kinserdal i Helse Møre og Romsdal sende nyleg avgåtte sjukehusdirektør Astrid Eidsvik ein e-post der han skreiv at Høie ønskte Molde.

Søndag ettermiddag avviser både Kinserdal og Høie noko slikt signal.

Eg konstanterer at Kinserdal sjølv seier at e-posten gir uttrykk for noko anna enn det som blei snakka om i den korte samtalen. Eg vil omtale denne saka i mitt svar til kontroll- og konstitusjonskomiteen, seier Høie søndag.

Eposten blei altså send til Eidsvik rett etter at Kinserdal tilfeldig møtte på Høie 4. desember. Her er e-posten:

"Jeg er i Oslo i Spektersammenheng, og fikk tilfeldig ett minutt med Bent Høie. Han lurte på hvordan innspurtsuka i Møre og Romsdal, og jeg sa den er krevende, særlig for deg/dere. Han sa et vi vet; at det er viktig at innstillinger til vedtak i HMR og HMN peker på samme lokalisering. Jeg svarte ham ved å si at det er gode begrunnelser for begge tomtealternativ. Han lot det da skinne gjennom, men uten at han sa det eksplisitt, at han mener Hjelset er det opplagte valget. Han ble trukket videre inn i lokalet før jeg fikk spurt ham om han ville ha foretaksmøte på saken. Jeg er klar over at ovenstående ikke nødvendigvis bidrar i dine avaklaringsrunder".

Seinare same dagen trekte Eidsvik seg.

- Tillegg Høie signal

Stein Kinserdal

Styreleiar Stein Kinserdal seier han gjekk for langt då han skulle referere kva helseministeren hadde sagt.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Styreleiar Stein Kinserdal seier han forstår at folk kan ha problem med å ha truverd til forklaringa hans.

– I den e-posten tillegg eg Høie at han gir meg signal som er sterkare enn eg hadde grunnlag for. Dermed er det viktig for meg å seie at Høie ikkje gav noko som kunne oppfattast som styringssignal, men berre blei kort-kort orientert om at eg ønskte å gå for Oppdøl. Eg har behov for at den dårlege e-posten er mitt ansvar, seier Kinserdal søndag ettermiddag.

Truleg gitt ulovlege signal

Diskusjonen oppstår i bakkant av det ekstraordinære styremøtet søndag, der Helse Møre og Romsdal skulle få ei juridisk vurdering av korvidt vedtaket om å byggje sjukehuset i Molde, er lovleg.

Advokatfirmaet Thommessen konkluderer med at det truleg er gitt ulovlege signal – eller forsøkt å gjere det – i sjukehussaka. Advokatane meiner det likevel ikkje betyr noko. I eit notat frå advokatfirmaet Thommessen går det fram at det truleg "foreligger brudd på helseforetakslovens paragraf 16, dvs. eiersignaler eller et forsøk på eierstyring i strid med lovens krav om at slik eierstyring må skje via foretaksmøtet".

Seier siste ord ikkje er sagt

Advokatfirmaet meiner likevel ikkje det har hatt praktiske konsekvensar for det omstridde vedtaket om å byggje det nye sjukehuset i Møre og Romsdal i Molde. Advokat Vidar Strømme, som har bistått nordmørskommunane i saka, er svært kritisk til konklusjonen.

– Eg vil ikkje gje karakter, men eg er usamd, og siste ord er ikkje sagt. Eg er tvilande til det faktiske grunnlaget og tolkinga, og den enkle behandlinga av e-posten, slår Strømme fast, etter styremøtet søndag.

Møtet kom i stand etter at tre styremedlemer i Helse Møre og Romsdal kravde at juristar vurderte om vedtaket om å byggje det nye sjukehuset i Molde, er lovleg.

Har ikkje høyrt den andre parten

Strømme er spesielt kritisk til advokatane si vurdering av ein e-post som styreleiar Dag Kinserdal sende til direktør Astrid Eidsvik etter å ha møtt statsråd Bent Høie. For i e-posten sto det at Høie ønskte at dei to styra skulle ha lik konklusjon, og let det skinne gjennom at han ønskte Hjelset, altså Molde. Men då Kinserdal forklarte seg for advokatfirmaet laurdag 20. desember, sa han at han hadde gått lenger for det som det var grunnlag for.

Kinserdal bortforklarer saka og ryggar. Advokatane har heller ikkje høyrt den andre parten, seier Strømme, og viser til at Eidsvik ikkje er spurt korleis ho oppfatta e-posten.

– Møtte Høie og fekk eit nikk

I notatet frå juristane kjem det fram at styreleiar Dag Kinserdal 4. desember møtte på statsråd Bent Høie, og at Kinserdal då gav uttrykk for at han hella i retning av Hjelset. Kinderdal oppfatta deretter eit nikk frå Høie, og oppfatta dette som at beskjeden var oppfatta. Dette forklarte Kinserdal altså sjølv til advokatfirmaet laurdag 20. desember, og han sa også at e-posten som han sende til Eidsvik seinare på dagen var uheldige og gjekk lengre enn det som det var grunnlag for frå samtalen med Høie.

Uklar konklusjon

Samstundes som advokatane skriv at det truleg har skjedd eit brot på helseforetakslova, skriv dei også at "ettersom Kinserdal ikke har oppfattet sin kommunikasjon med Høie som styringssignaler, kan vi ikke konkludere at det foreligger eierstyring i strid med helseforetakslova paragraf 16. Når det er sagt er det også her slik at Eidsvik med rimelighet kunne oppfatta kommunikasjonen som et styringssignal fra HMSs eier".

- Ingen konsekvens

Trass i konklusjonen om at det truleg har skjedd eit lovbrot, meiner advokatfirmaet at det ikkje er grunnlag for å seie at signala tidlegare direktør Astrid Eidsvik fekk, har påverka innstillinga hennar. Advokatane meiner heller ikkje dei har haldepunkt for å seie at styret i Helse Møre og Romsdal ville konkludert annleis om Eidsvik hadde lagt fram ei innstilling. Og til slutt heller ikkje at vedtaket i styret Helse Midt-Noreg ville blitt annleis om vedtaket i styret Helse Møre og Romsdal var det.

Astrid Eidsvik vil ikkje kommentere saka.