Hopp til innhold

Helseministeren om Glomstua: – Bør unngå tremannsrom

Helse- og omsorgsminister Jonas Gahr Støre meiner situasjonen ved Glomstua i Molde kommune ikkje er haldbar. Ved fleire høve har tre personar vore nøydde til å dele rom ved det overfylte omsorgssenteret.

Støre i Kristiansund

Helse- og omsorgsminister Jonas Gahr Støre meiner kommunane må vere klar over ansvaret sitt, for å unngå situasjonar som ved Glomstua i Molde, der ein ved fleire høve har måtte operert med tremannsrom. Her er ministeren på besøk ved Molde sjukehus onsdag.

Foto: Roar Strøm / NRK

Under fylkesbesøket onsdag blei Jonas Gahr Støre konfrontert med situasjonen for bebuarane ved Glomstua omsorgssenter i Molde.

NRK Møre og Romsdal har tidlegare omtala saka kring Glomstua, der situasjonen i lengre tid har vore spesielt prekær. 79 år gamle Dagfrid Torhus sette mange sinn i kok då ho fortalde NRK at ho har måtta delt rom med fleire andre bebuarar.

Dagfrid Torhus

79-åringen Dagfrid Torhus fortalde NRK om situasjonen ved Glomstua omsorgssenter i Molde.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Nokre ynskjer å bu på rom med andre, men dei aller fleste ynskjer å ha sitt eige rom. Det er det siste alternativet vi arbeider for å få til, seier helse- og omsorgsministeren.

Kommunene ansvarlege

Det er kommunane sitt ansvar å planlegge korleis ein skal få bukt med situasjonar slik som den ved Glomstua omsorgssenter, ifølgje ministeren. Han rettar dermed peikefingeren mot Molde kommune og ordførar Torgeir Dahl (H).

– Politikarane i kvar enkelt kommune har det som sitt ansvarsområde å vere klar over jobben dei har å gjere.

– Situasjonen ved Glomstua har ført til at det har blitt oppretta ei tilsynssak, og eg vonar at tilsynsmyndigheitene går skikkeleg inn for å finne ut av dette, seier Jonas Gahr Støre.

Ordføraren beklaga

Torgeir Dahl

Molde-ordførar Torgeir Dahl (H), beklaga saka sterkt etter kommunestyremøtet førre torsdag.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Kritikken frå helse- og omsorgsministeren kjem til trass for at Høgre-ordførar Torgeir Dahl sist veke beklaga saka på det sterkaste.

– Eg reagerte med at eg ikkje synest det er forsvarleg. Eg går så langt som å seie at eg beklagar på vegner av kommunen, sa Dahl til NRK etter torsdagens kommunestyremøte.

Saka om Dagfrids Torhus og bebuarane ved Glomstua blei det store samtalemnet under kommunestyremøtet.

Vil skjerpe inn

Helse- og omsorgsminister Gahr Støre ynskjer no at kommunane skjerper inn praksisen kring romfordeling.

– Alle kommunestyra og politikarane i kommunane må minst ein gang i året gå gjennom det ansvaret dei har i forhold til verdigheitsgarantien.

– Stort sett går dette bra rundt om i landet, også i Molde, avsluttar likevel helse- og omsorgsministeren.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL