Hopp til innhold

Bebuarane ventar spent på avvikling av fleirmannsromma på Glomstua

Molde-ordførar Torgeir Dahl (H) vil avvikle fleirmannsromma på Glomstua. No ventar bebuarane i spenning.

Leiinga ved Glomstua omsorgssenter i Molde er glad for at politkarane lovar å løyse situasjonen - der dei eldre må bu på tremannsrom. Men før politikarane faktisk gjer eit vedtak, går kvardagen sin vante gang på Glomstua.

Ønskjer tilsynet velkommen

Dagfrid på Glomstua i Molde har sett mange sinn i kok den siste veka. 79-åringen er ei av fleire som har måtta delt rom med fleire personar .

Då ho kom tilbake til rommet etter ein luftetur fredag formiddag var éin av to naboar på flyttefot ...

– I dag skal éi av vi tre flytte på eit anna rom. På eit einerom, seier Dagfrid.

– No blir de berre to?

– No blir vi berre to, ja. Dersom det ikkje kjem ei ny ei, då. Det kan jo hende.

Torgeir Dahl

Høgre-ordførar i Molde, Torgeir Dahl, beklaga Glomstua-saka på det sterkaste torsdag.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Lovnader frå kommunen

Avdelingsleiar Heide Aandal fortel at eitt einerom har blitt ledig.

– Ja, no er det blitt eit ledig einerom på ei langtidsavdeling, som ein av pasientane får tilbod om.

Torsdag beklaga ordførar i Molde, Torgeir Dahl (H), saka på det sterkaste. « Vi beklagar saka og vil ikkje ha det sånn », sa han til NRK.

Dahl meinte at Dagfrid sin busituasjon er uforsvarleg, og lova at tremannsrom skal vere historie om kort tid.

Corinna Stene

Styrar Corinna Stene meiner tilsyn er positivt.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Kø frå sjukehuset

Styrar ved Glomstua omsorgssenter, Corinna Stene, kan derimot ikkje anna enn å stokke om på rom og pasientar – slik ho har gjort dei siste par åra. I alle fall inntil andre ordre blir gitt.

– Enn så lenge må vi ha det talet vi har. Vi har også kø frå sjukehuset som vi ta unna, fortel ho til NRK.

Styraren vil ha mest mogleg openheit rundt sjukeheimen, og stussar over det faktum at nyheita kom så overraskande på mange. No ser ho fram til å få fylkesmannen på tilsyn.

– Altså, eit tilsyn er for meg ein måte å bli kika i korta på av nokon kan «gamet». Dei kan då korrigere meg og fortelje kvar som blir gjort bra og mindre bra.

– Vi får korrigere oss deretter, så dette er bra for alle, meiner Stene.

Dagfrid Torhus

Dagfrid Torhus er usikker på kor mange romkameratar ho har hatt.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Talet på romkameratar?

Dagfrid Torhus tek det heile med greitt humør.

– Ein må no flire når éi flyttar ut og ei ny kjem inn. Vi blir tre likevel då, seier ho.

– Er du spent på kven som kjem no?

– Ja, eg er jo spent, ja.

– Veit du kor mange du har delt rom med?

– Éin, to ... Nei, det er mange, det, avsluttar 79-åringen.

Leiinga ved Glomstua omsorgssenter er glade for lovnadane frå politikarane, men før politikarane faktisk gjer eit vedtak går kvardagen sin vante gang.

Fylkesmannen har i dag tatt ut tilsynssak mot Molde kommune, etter at NRK avslørte at mange bebuarar ligg på tremannsrom på omsorgssenteret på Glomstua. Ordføraren lovar i dag å rydde opp i saka så fort som råd.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL