Hopp til innhold

Fryktar Møre og Romsdal blir ein utkant

– Møre og Romsdal må halde fram som eige fylke og ikkje bli innlemma i ein større region. Det er det unisone kravet i fylkestinget i Møre og Romsdal.

Kart over Møre og Romsdal

Fleire kommunar står i fare for å bli slått saman. Fylkesplansjefen ønsker til dømes at dei 36 kommunane i fylket skal bli slått saman til fire.

Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Kommunereforma har ført til ein debatt om behovet for større regionar. Både Jon Aasen frå Arbeidarpartiet og Frank Sve frå Frp fryktar at fylket kan bli ein utkant mellom Bergen og Trondheim dersom fylket blir innlemma i ein storregion.

– Det vil vere ei ulukke for Møre og Romsdal å bli innlemma i ein større region. Då blir vi ein utkant mellom to store regionar som kanskje ikkje ser på oss som veldig interessante, seier Aasen.

Sve er samd. Han trur Møre og Romsdal kan «drukne» mellom Trondheim og Bergen.

– Det å bli plassert mellom Trondheim og Bergen er ein dårleg idè for den store næringsklynga og dei miljøa som vi har i Møre og Romsdal. Dei treng at vi fokuserer på Møre og Romsdal og ikkje alt det andre, seier Sve.

Pause i kommunereforma

Aasen og Sve var ikkje dei einaste med den meininga. For nokre år sidan var senterparti-politikar Bergsvein Brøske tilhengar av store regionar, men blei skuffa over resultatet av regionreforma.

Bergsvein Brøske
Foto: Trond Vestre / NRK

No vil Brøske behalde Møre og Romsdal som eige fylke og ber om ei pause i arbeidet med kommunereforma.

– Når ein ser på den måten regionreforma og kommunereforma skrid fram så er det grunn til å stoppe opp. Det er ikkje grunn til å forsterke desse tendensane som er klart sentraliserande, seier Brøske.

Han meiner det er behov for eit lokalt og regionalt demokrati som er reelt og som fungerer.

– Vi treng fleire oppgåver til dei folkevalde organa for at det skal bli spennande å vere deltakande politikar. Det ser ikkje ut til at denne regjeringa leggjer til rette for dette, seier Brøske.