Hopp til innhold

Foreslår kutt på 78 millionar

Rådmannen i Kristiansund la tysdag fram eit forslag om å kutte budsjettet med heile 78 millionar kroner i løpet av 2015.

Kristiansund

Det var under eit formannskapsmøte tysdag at rådmann Arne Ingebrigtsen la fram forslaget om å kutte 78 millionar kroner.

Foto: eirik haukenes / nrk

Arne Ingebrigtsen, rådmann i Kristiansund kommune, la tysdag fram eit forslag om revidert kommunebudsjett for 2015. Forslaget kom under eit formannskapsmøtet. I tillegg lanserte han ein økonomiplan for perioden 2015–2018.

I forslaget foreslår Ingebrigtsen å kutte totalt 78 millionar, derav 50 millionar for å dekke underskot frå 2013-2014, og 28 millionar til å dekke forventa overbruk i 2015.

– Det er snakk om betydelege kutt. Likevel har eg vanskeleg for å kalle det kutt fordi veldig mykje av det blir omstillingar der vi vel å gjere ting på ein litt annan måte, seier rådmannen.

Kuttforslaga kan du lese her.

Økonomiske problem

Kristiansund kommune har lenge hatt økonomiske problem, og mange av dei tilsette har tidlegare frykta store kutt.

– Det er klart at når vi må dra ned ein sopass stor del av aktiviteten, så kjem folk til å merke det på veldig mange område, seier Ingebrigtsen.

– Men vi skal på ingen måte fjerne noko som fører til eit tenestetilbod som går utover det lovpålagde, held han fram.

Rådmannen fortel at den største utfordringa har vore å ta grep der det er nødvendig.

– Vi har fått tal som viser korleis Kristiansund kommune presterer i forhold til andre kommunar, og då er det naturleg å ta grep der vi ligg etter andre kommunar, seier Ingebrigtsen.

Rådmannen sitt forslag inneber budsjett- og driftsreduksjonar for heile kommuneorganisasjonen, og saka skal behandlast av bystyret 28. april.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL