Hopp til innhold

Fryktar kutt i skulesektoren

Både rektorar og foreldreutval åtvarar kraftig mot dei forslåtte kutta innanfor skulesektoren i Kristiansund. Kommunen må spare pengar, og 25 lærarstillingar kan ryke.

Både rektorer og foreldreutvalg advarer kraftig mot de foreslåtte skolekuttene i Kristiansund. Kommunen må spare penger, og 25 lærerstillinger kan ryke.

SJÅ TV-SAKA: rektorar og foreldreutval FRYKTAR FOR STORE KUTT I SKULESEKTOREN.

Skulen er nemleg ikkje fritatt når kommunen skal finne plassar å kutte utgifter. I eit forslag som skal behandlast i april, ligg det inne store kutt i bemanninga i skulesektoren.

Tore Lyngvær, leiar i Kristiansund kommunale foreldreutval, meiner kommunen vil kome på kant med opplæringslova dersom dei vel å gjennomføre desse kutta.

– Den gruppa som har jobba med kutt har kome fram til at desse kutta må skje primært innanfor personell. Det blir nemnt opp imot 25 lærarstillingar frå hausten av, og det er veldig dramatisk, seier Lyngvær.

Fryktar for kvaliteten i skulen

Og det er fleire som delar uroa. Nyleg sende ei samla rektorgruppe brev til kommunen der dei åtvarar på det sterkaste mot konsekvensane av dei forslåtte kutta.

De kuttene som allerede er innført/planlagt for 2015 har gitt oss merkbart strammere rammer. Ytterligere kutt slik det legges opp til vil uten tvil forringe kvaliteten på opplæringen drastisk.

De innskjæringer en står ovenfor nå oppleves som så dramatiske, at hvis en må ta stilling til vedvarende stramme rammer, så kan det tvinge fram en situasjon hvor skolestrukturen i kommunen må vurderes.

brev til kommunen

Lyngvær seier at dei har forståing for at økonomien til kommunen er under hardt press, men føler likevel at det er andre område som bør kuttast før skulane.

– Skulesektoren har vore relativt lojal til budsjetta og heldt seg til dei rammene som har kome frå leiinga og politikarane, så det er kanskje andre område som burde strammast inn før skulane, seier han.

Leiaren i foreldreutvalet fryktar at eit nytt kutt innanfor skulesektoren vil gå utover kvaliteten på opplæringa.

– Eg fryktar for den tilpassa undervisninga, spesialundervisninga og oppfølginga av mobbesaker. Eg fryktar for mange ting som det har vore jobba hardt med i ei årerekke. Dette kan fort bli rasert dersom kutta blir ein realitet, seier Lyngvær.

Forslaget om å kutte i skulesektoren skal behandlast i løpet av april.