Hopp til innhold

Vurderar å innføre tilsetjingsstopp i Kristiansund

Kristiansund kommune kan kome til å innføre tilsetjingsstopp. Formannskapet blei i dag orienterte om eit meirforbruk på 18 millionar.

formannskapsmøte kristiansund

18 MILLIONAR I MINUS: Kristiansund kommunen ligg 18 millionar kroner i minus så langt i år. Løysinga på problemet kan bli eit tilsetjingsstopp i kommunen.

Foto: Roar Halten / NRK

Tirsdag presenterte rådmannen i Kristiansund tal som viste at kommunen ligg 18 millionar kroner i minus så langt i år. Løysinga på problemet kan bli eit tilsetjingsstopp i kommunen.

Kjell Neergaard, varaordførar i Kristiansund seier det er vanleg at det blir ein del uventa utgifter i løpet av eit år.

– Når vi vedtek budsjettet i desember kvart år så er det naturleg at det blir slik. Det er spesielt eit stort press på kommunal tenester innanfor sjukeheimar og heimetenestene som gjer at vi no har gått i minus, seier Neergaard.

Framleis tid til å rette opp problemet

Neergaard meiner likevel at dei framleis har nokre månader igjen av året til å få orden på økonomien.

På venstrehånden til Per Kristian Øyen sitter, Kjell Neergaard varaordfører (Ap)

TID: Kjell Neergaard meiner kommunen framleis tid til å rette opp problemet.

Foto: Roar Halten / nrk

– Vi såg ein del overskridingar i første tertial i år og prøvde å sette inn tiltak for å rette opp i dette. Det fungerte ikkje, men vi har likevel fire månader å rette det opp på, seier han.

Neergaard fryktar ikkje at Kristiansund skal kome inn på Robek lista igjen.

– Vi skal klare å snu dette slik at vi er på null ved årets slutt. Vi har tru på at dei tiltaka som rådmannen vil setje i verk vil ha ei positiv verknad på utviklinga, seier han.

Rådmannen vil truleg kome tilbake med dei endelege innstrammingstiltaka i neste formannskapsmøte.

Skeptisk til eit tilsetjingsstopp

Geir Ole Kanestrøm, hovudtillitsvald i Fagforbundet i Kristiansund kommune stiller seg undrande til dei innstrammingane som rådmannen foreslo i dag. Han trur dei blir vanskelege å gjennomføre. Det er spesielt innstrammingar på sjukeheimane og eit eventuelt tilsetjingsstopp han er skeptisk til.

– Eit tilsetjingsstopp ut året vil vere umogleg i enkelte tilfelle. I områder som pleie og omsorg i tillegg til skule og barnehage er du nøydd til å rekruttere nye personar når det er ledige stillingar, seier han.

Geir Kanestrøm

SKEPTISK: Geir Ole Kanestrøm er skeptisk til eit tilsetjingsstopp i kommunen.

Foto: Roar Halten / nrk

Kanestrøm har forståing for den pressa situasjonen som Kristiansund kommune er under, men trur ein må sjå på andre moglegheiter for å løyse problema.

– Eg trur det beste hadde vore å setje ned ei trepartsgruppe der både tillitsvalde, administrasjonen og politikarar er med. Og på den måten kan ein sjå på ulike løysingar for å spare inn pengar, seier Kanestrøm.

– Eg meiner det er alfa og omega at representantar frå dei tilsette også er med på denne prosessen, held han fram.