I mange år har lakseparasitten Gyrodactylus salaris øydelagt for elveeigarane i Rauma. I fjor starta ei ny behandling med gifta rotenon for å ta knekken på parasitten. I dag kan avisa Nationen fortelje at aksjonen i Rauma har resultert i 108 avviksrapportar som går blant anna på brot på verne- og sikringsinstruksen.
Svartmåla situasjonen
Det var Veterinærinstituttet som gjennomførte behandlinga. Ketil Skår er seniorrådgjevar og kjenner seg ikkje heilt att i det Nationen skriv. Han meiner dei svartmålar situasjonen.
– Vi brukar sjølvsagt verneutstyr og følger instruksane så godt vi kan. Kvar enkelt utøvar har eit visst slingringsmonn i vurdering av når utstyret skal brukast, seier Skår. Blant anna kan dei sprøyte utan maske i medvind.
– Men de har jo fått 108 avvik. Er det feil?
– Nei, det stemmer. Det aller meste er små saker. Med å vere opne og positive til at vi får avviksmeldingar, håper vi å fange opp dei tinga som er viktige å ta med vidare, seier Skår.
Færre avvik i år
Også i år har Veterinærinstituttet behandla elva Rauma med gift. Dei var ferdige i august . Det har det kome ein del avviksmeldingar etter sprøytinga.
– Det er registrert betydeleg færre avvik enn i fjor. Mannskapet har vore meir aktive i bruken av verneutstyr, seier Skår.